Dei skulle eigentleg opne laurdag 20. desember, men allereie tysdag denne veka var det full fres i bakkane på Strandafjellet. Heile veka gjennom har nedbøren i form av snø haldt fram, og dagleg leiar Stian Græsdal kan melde om fine føre og mykje puddersnø.

– Det kom 30 centimeter nysnø berre i dag torsdag, og meldingane viser at det skal kome mykje meir framover.

Medan det i byen på nivå med havet er regn og atter regn, kan Græsdal forsikre om langt betre snøforhold allereie på 430 meters høgd, der løypenettet vert samla.

– Det er jo natursnø, så han er litt våt i botnen, men lengre opp er det mykje snø. Det lover godt for sesongen framover, meiner Græsdal.

Kveldsope

Det sjølvoppnemnde pudderparadiset held opent både dag og kveld fredag, og kvar dag fram til 2. påskedag med unntak av 24. og 25. desember. Sesongen er lang, og han vert god, trur Græsdal.

– Det har snødd meir denne veka enn dei to siste åra til saman. Endeleg!

Strandafjellet har førebels opna tre heiser og preparert fem løyper, med håp om å setje i gong den fjerde av totalt seks heiser fredag 19. desember. Dersom sikta er god, vil dei opne fleire fortløpande.

Òg på Reset i Volda har det vore trafikk i bakkane denne veka. Både tysdag, onsdag og torsdag har det vore kveldskøyring, og det kjem til å verte meir av framover. Dei hadde opent òg førre helg, men melde då om litt lite snø. Sunnmørsposten har ikkje lukkast i å få kontakt med Volda skisenter torsdag kveld.

Ved Hornindal Skisenter har dei òg hatt ope denne veka.

– Det nærmar seg opning heilt frå toppen, og langrennsløypene er oppkøyrde kvar dag, lover skisenteret på sine heimesider.

Bondalseidet i Ørsta opna dei for gratis kveldskøyring tysdag denne veka, for å freiste til vidare ferdsel i det dagleg leiar Frank Harald Velle omtalar som nydelege forhold.

Dei kunne ikkje halde ope torsdag og fredag grunna lite snø nedst i traseane, men når gradestokken kryp mot blått fredag og laurdag kryssar dei fingrane for kvite bakkar og ein vidare snørik vinter.

Fjellseter opnar laurdag

Sunnmørsalpane Fjellseter i Sykkylven er det naturleg nok gode forhold lik som på Stranda, og dei melder om over 70 cm nysnø og gode forhold, samt topp førjulsstemning.

Harpefossen skisenter i Hjelmelandsdalen utfor Nordfjordeid hadde heisa på Furuhogane i gong førre helg, og har planer om det same denne helga. Dessutan er langrennsløypene trakka og i god hald.

På snøsikre Bjorli har dei produsert snø sidan november og har no 50 cm både i botn og på toppen. Dei startar ikkje med kveldskøyring før over nyttår, men har dagope og set i gong stolheisa 2. juledag.

På Arena Overøye i Stordal er det over 65 cm snødybd og klart for å ta skia fatt denne helga.