«Rådande marknadsforhold» er grunngjevinga som blir brukt i meldinga som reiarlaget har sendt aksjemarknaden fredag føremiddag.

Rem Offshore bestilte i juni i år nybygget hos Vard og avtalte levering første kvartal 2016. No er dette omgjort, nytt leveringstidspunkt er første kvartal 2017.

Første gong

Rem Offshore-sjef Åge Remøy seier til Sunnmørsposten at dette er første gongen reiarlaget utset bygging av eit skip. Den utfordrande marknaden innan offshore akkurat no er grunnen til utsetjinga.

– Vi veit jo ikkje om marknaden blir dårleg i 2016. Men det er ikkje naturleg å tru at det rettar seg opp i løpet av veldig kort tid, seier Remøy.

Elles er kontrakten uendra, ifølgje Remøy. Nybygget er eit stort ankerhandteringsfartøy som liknar Rem Gambler men litt større, og med ein prislapp på rundt 800 millionar kroner. Båten får isklasse ICE 1B, som betyr at den kan gå i relativt lette isforhold.

Oljeprisen for nordsjøolje har i fjerde kvartal falle til rundt 60 dollar fatet, etter at prisen sidan 2011 har vore over 100 dollar. Den lave oljeprisen gjer at oljeselskapa utset kostnader som kan utsetjast, som vedlikehald av riggar og av anlegg på havbotnen. Dette går i sin tur ut over underleverandørar som til dømes Rem Offshore. I denne omgang går det ut over korttidsleige av båtar.

Norsk verft

– Kontrakten er ikkje endra på andre måtar enn med utsett bygging eitt år. Det er såpass kort tid sidan båten var bestilt at det er muleg å gjere denne endringa, og vi nytta høvet til å gjere dette i samarbeid med Vard, seier Remøy.

Rem Offshore har ein flåte på 20 fartøy, og har bygt dei aller fleste av desse hos Vard og hos Kleven.

– I alle fall på norske verft er det ein viss fleksibilitet som kan nyttast. Vi har eit godt samarbeid med Vard, og har bygt ganske mange båtar der, rundt 10 båtar. No har dei vore fleksible, og vi har kome fram til dette i fellesskap. Dette hadde vore vanskelegare å få til om det hadde vore eit utanlandsk verft, seier Remøy.

Rem Offshore-sjefen seier det ikkje er aktuelt å utsetje bygget med meir enn eit år.

Byggeprogram

For Vard Brattvaag, som skal bygge fartøyet, skal ikkje dette få større konsekvensar.

– Endring av leveringsdato har vi kome fram til i fellesskap, og endringa er formålstenleg for begge partar. Vard Brattvaag har eit godt byggeprogram med tre store og avanserte fartøy, seier informasjonssjefen hos Vard, Hege Akselvoll.

– Verfta våre kan ha rolege periodar i påvente av nye skrog. Då er vi så heldige å ha fleire søsterverft på Nordvestlandet, slik at dei tilsette kan bistå andre verft ved behov.

– Storpolitikk

Fosnavåg-baserte Havila Shipping har for tida ingen fartøy som er bestilt, så slike tiltak er ikkje aktuelt for dei. Operasjonsdirektør Kjell Rabben i Havila seier at selskapet neppe har gjort slike tiltak tidlegare heller.

– Eg meiner at vi ikkje har utsett levering av bestilt fartøy nokon gong, seier Rabben til Sunnmørsposten.

Kor lang tid det kan ta før aktiviteten tar seg opp tør han ikkje spå om, også fordi oljeprisen ikkje berre er eit spørsmål om marknaden.

– Dette har også med internasjonal storpolitikk å gjere. Eg har ingen prognose for kor lang tid dette kan ta, seier Rabben.