Fredag føremiddag fekk politiet melding om at eit vogntog sto fast og sperra vegen på fylkesveg 60 på Strandafjellet.

- Vogntoget kom seg etterkvart laus, men sjåføren fekk då køyreforbod og beskjed om å ordne med kjetting, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Dette har sjåføren ikkje brydd seg med å ordne, men i staden køyrd vidare.

- Resultat var at vogntoget køyrde seg fast på Strandafjellet nok ein gong. Denne andre og siste gongen i 12-tida, fortel operasjonsleiaren.

Både politi og vegvesen vart sendt til staden, og vogntoget vart etter kvart følgt ned til Sykkylven, der dei framleis var då smp.no snakka med politiet i 18-tida, fredag.

- Sjåføren er meld til politiet for køyringa si, og må betale ei bot på 15.000 kroner før han får køyre vidare. Han må også sørgje for kjetting – og no er det ikkje nok å seie at han skal ordne det. Han må faktisk vise at det er i orden, seier operasjonsleiaren.

Følg smp.no på Facebook

ILLUSTRASJONSFOTO: KNUT ARNE AARSET