Fredag vart stortingsmeldinga med utviklingsplan for Kriminalomsorgen lagt fram. Etter å ha lest dokumentet frå start til slutt, reagerer stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Fredric Holen Bjørdal, på at nytt fengsel i Ålesund ikkje er nemnd med eitt einaste ord.

– På ei relativt lang liste over planar for utbygging og utviding, er ikkje Ålesund med, sjølv om det står at Vestlandet skal prioriterast. Det gjer meg uroleg for om planane om nytt fengsel i Ålesund er skrinlagde eller skyvd svært langt fram i tid, seier Bjørdal.

Brev til Anundsen

Han har no formulert eit skriftleg spørsmål til justisminister Anders Anundsen (Frp), der han ber om grunngjeving for kvifor fengsel i Ålesund ikkje er prioritert.

Bjørdal viser til Ålesund som naturleg val for stad å plassere nytt og moderne fengselsbygg på, samt behovet for auka kapasitet som mellom anna er nedfelt i rapport frå kriminalomsorga i januar 2013.

– Rapporten frå sentralforvaltinga for snart to år sidan tilrådde lokalisering av nytt fengsel på Nordvestlandet i Ålesund. Sidan då har vi fått ny regjering, og det er freistande å spørje om stortingspolitikarane Harald Nesvik (Frp) og Elisabeth Nørve (H) har sove i timen, seier Holen Bjørdal.

Styreleiar i Sunnmøre regionråd, Hareid-ordførar Anders Riise (H), trur grunnen til at Ålesund ikkje er nemnd er ein annan.

– Vi er ikkje ute etter å fordele skuld, og vi har venta på både den raudgrøne regjeringa og dagens regjering, seier regionrådsleiaren.

– Så kvifor er ikkje Ålesund nemnd denne gongen?

– Det veit eg ikkje, om det er vorte gløymd eller om det har å gjere med prioritering. I meldinga vert det skissert nokre aktuelle utbyggingsalternativ, og vi meiner soningssenteret på Sunnmøre bør inn på denne lista, seier Riise, som presiserer at regionrådet vil jobbe aktivt for at dette skal skje.

Positivt regionråd

Regionrådet, som er sterkt involvert i arbeidet med å sjå på konsept og lokalisering for eit framtidig fengsel, er framleis optimistiske med tanke på eit nytt fengsel.

– Det kjem klart fram i meldinga at Vestlandet er blant regionane med størst behov for meir kapasitet, så sjølv om det ikkje er nemnd i dei prioriterte prosjekta, så ser vi grunn til å vere optimistisk, meiner

Dei har hatt møte med Kriminalomsorgen, Mørebenken med fleire og opplever at det ikkje enno er trekt ein endeleg konklusjon.

– Tolkar de det som at det kan ta tid, slik Holen Bjørdal fryktar?

– Ikkje nødvendigvis, det dreier seg nok meir om pengar. Det er særleg viktig at vi har ein samla Mørebenk her med tanke på konkurranse med andre regionar, påpeikar Riise.

– Overmoden sak

Holen Bjørdal meiner det er prisverdig at dei tilsette i Ålesund fengsel greier å gjere jobben sin på knapt i areal i eit så gamalt bygg.

– Denne planen frå regjeringa, lagt fram av justisministeren frå Framstegspartiet, vil vere styrande i mange år framover for kvar og korleis fengselskapasiteten skal utbyggast. Det er ei tydeleg nedprioritering at Ålesund ikkje ein gong er på lista, synest Ap-politikaren, som aktar å stille justisminister Anundsen til veggs i Stortingets spørjetime.

Også regionrådet er klare på at dei vil ha svar på kva som har skjedd og få klarheit i vegen vidare.

– Nei, vi tåler eigentleg ikkje å vente så veldig lenge. Saka er overmoden og krev fullt fokus framover. Vi har ein jobb å gjere for å påverke departementet og elles på politisk nivå, og det aktar vi å gjere, seier regionrådsleiaren.

Heilskapeleg konsept

Konseptet for soningssenteret er laga etter nye metodar for kriminalomsorg med omsyn til straff, oppfølging og tilbakeføring til samfunnet. Ålesund fengsel har 27 plassar, og normtal for regionen viser at det er behov for 80, dette mellom anna for at tilbakeføring skal skje i nærleiken av den straffa sin heimstad.

– Det er eit heilskapeleg prosjekt, ikkje berre ei bygning, påpeikar Riise.

Tomtavalet i seg sjølv skal dei ha klart innan utgongen av januar 2015.

– Vi føler planene er forankra og at Kriminalomsorgen er med oss på dette trass denne meldinga. Vi trur vi er der vi skal.

– Og kvar er det de skal vere?

– Konseptet for soningssenter, som er svært komplekst og fleksibelt, er på plass. Vi håper å kome med i dei skriftlige planane etter kvart og at det vil bli prioritert planmiddel i revidert statsbudsjett til sommaren eller neste år, seier Riise.

Styreleiar i regionrådet og ordførar i Hareid, Anders Riise (H), lover å jobbe aktivt for å få nytt fengsel på Sunnmøre inn i planane.