– Skredfaren er så stor at sjølv lommekjente bør halde seg unna bratte heng, rår Magne Jan Vik.

Den rutinerte fjell- og skigåaren la i skumringa laurdag ut på tur med randonee-ski frå hytta på Ringstadsætra mot Meraftrahornet. I ein meter nysnø skulle han køyre gjennom snøbyger og vindkast ned mot Stranda. Det var då det gjekk galt.

– Eg løyste ut eit flakskred på 20 gongar 20 meter med ein skjæringskant på ein meter. Det var sinnsykt mykje snø i hellinga, fortel Vik frå tryggleiken framfor peisen i hytta.

Haldt seg i busker

Han vart ståande midt i raset og halde seg fast i nokre busker, og frå same stad ringde han etter helikopter.

– Dei kunne ikkje hente meg ut på grunn av stormen. Eg sto der i to timar før eg turde gå ut av området.

Han vart så møtt av hjelpegruppa frå alpin fjellredning som fekk han frakta ned med tråkkemaskin kring klokka sju laurdag kveld.

– Dette området har vore mi leikegrind sidan eg var barn, men skredfaren er heilt enorm no. Eg vil instendig oppfordre skifolk til å bruke fornuft og halde seg unna der det er fare for ras og slike ulukker, ber Vik, som slapp unna med skrekken, men som likevel er beordra av kona til å gå på bortoverski i dagane som kjem.

Sjekk rasfaren før du legg ut på tur!

Åtvarar mot naturkrefter

Det har vore eit kraftig snøfall dei siste døgna, og også operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt vil åtvare mot å ferdast i fjellet.

– Det er mykje snø og av ulik konsistens, og det er ikkje trygt å ferdast i fjellet. Det hender seg at det går bra å utfordre naturen, men det hender og det motsette. Det skal ein ha respekt for, rår Overøye.

Han presiserer at sjølv erfarne fjellfolk tek feil, og at det verken er trygt å leggje ut verken åleine eller i gruppe.

– Sjekk varslinga før du går ut, og unngå terreng med meir enn 30 graders helling. Sjå opp for lokale terrengfeller som lett kan løyse ut skred, lyd oppfordringa frå politiet.

Mista retninga i snøkavet

Tidlegare laurdag ettermiddag gjekk ein mann seg halvfast i Sykkylven. Politi og Røde kors bistod mannen nær Fjellseter.

– Vi driv og bistår ein kar i slutten av 50-åra som har mista sted og retning grunna vêret, fortel operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt.

Etter at han melde fra til kona si, vart Røde kors og etter kvart politiet kopla inn.

– Vi veit kvar han er, og han skal nærme seg vegen no. Dette går bra, forsikrar Overøye, som kan fortelje om bygevêr innafor.

Operasjonen gjekk etter planen, og mannen er i gode hender.

Sjekk oppdatert værvarsel her

Har du bilder eller tips knytta til vær og trafikk? Kontakt oss på 95400400@smp.no eller send mms til 95 400 400.