Grunna lynnedslag i trafoen utfor kulturhuset i Fosnavåg laurdag, kjunne det blitt ein brå og lite planlagd slutt på billett- og gåvekortsalet fire dagar før jul.

– Takka vere hjelpestraum frå naboane er det no oppe og går att, fortel arrangementsleiar Bjørn Holum til smp.no like etter klokka fem.

Fredag kveld skal Herøy ha vore utan straum ei periode, og ekstreme mengder haggel på kort tid kom overraskande på og skapte problem for bilistane, fortel tipsarar til smp.no.

– Enormt sal

Fosnavåg konserthus melde kring klokka 15 laurdag at kulturhuset var heilt utan straum. Kinoen, som held til i konserthuset i eit anna bygg, var ikke i risikosona for å verte ramma, som folk ga uttrykk for å frykte.

– Det er klart det hadde vore trist om det var langvarig, òg grunna gåvekorta som vi har hatt og ventar å framleis ha enormt sal av, seier Holum.

Ikkje reparert før måndag

Ifølge Fosnavåg konserthus på si Facebook-side seier Tussa kraft at dei ikkje reknar med å få reparert skaden før måndag.

– Det har vore ein enormt kraftig tordenvêr her i dag og i går, så det må nok reparerast, ja. Men førebelst har vi i drift det som trengs, forsikrar Holum.

Veit du om fleire som er ramma av strømbrot? Tips oss på 95400400@smp.no eller ring/send melding til 95 400 400.