Ut av snøbyger og djupsnø dukkar dei opp, det som ved første augekast ser ut som to nissar som har rømt - direkte frå Jul i Blåfjell.

Men så er vi ikkje nær Blåfjell i snøfonnene akkurat her, faktisk er Hornindalsrokken næraste fjellmajestet i dette området: Honndalsdalen i Hornindal, på grensa til Stranda kommune.

På ski

– Julestemning ja, det kan du trygt seie! Dette vart ein fantastisk tur i juletreskogen. Strabasiøst rett nok, men med ski og stavar til flytehjelp gjekk hogsten veldig fint, fortel Helge Vikan.

Han er hytteeigar på åttande året her, men med fast bustadadresse Ålesund. Vikan har med junior Asle Trones Vikan (27), og saman har dei sikra juletre både til å surre på biltaket heim, og til hytta.

Heldige

– Her er visst rikeleg med tre i området, både barskog og lauvskog. Vi var så utruleg heldige med grunneigaren som selde hyttefeltet her. Han spanderer både juletre og fri vedhogst i skogen sin. Det er jo litt av ein bonus, smiler Helge Vikan.

Asle T. Vikan lemper det siste og  minste treet over den over meterhøge snøbarden fram til traktorveg, og er nøgd med fangsten: fine tre. Endå finare når dei snart er pynta litt, vurderer han.

Lava ned

I løpet av berre få timar laurdag ettermiddag lava det ned store snømengder i dette området, så tett at brøytemannskapa knapt klarte halde unna.

– Hytta ligg på godt og vel 350 meter over havet, og no i ettermiddag har vi nok meteren med snø på taket, seier Helge Vikan.

Han skal ikkje skal feire jul korkje på hytta eller heime i Ålesund, men derimot i hovudstaden. Det er nesten grunn til å tvile på om det kan oppdrivast så reinhekla kvit julestemning på Austlandet, som her i Honndalsdalen.