To personar vart sendt til legesjekk, etter at ein personbil køyrde inn i ein lastebil i Oppljostunnelen på riksveg 15 ved 15-tida, søndag.

Tre personar var involvert, og ein person framstår som skadd, melde Sogn og Fjordane politidistrikt kort tid etter ulykka.

- Det vart etterkvart vurdert at to personar trengde sjekk hos lege. Desse vart sendt til legevakt på Nordfjordeid, seier operasjonsleiar Hågen Løvseth ved Gudbrandsdal politidistrikt til smp.no.

Ambulanse vart send til staden frå Stryn, og politi sendt frå Gudbrandsdal politidistrikt.

Les også: Åtvarar mot glatte vegar