SISTE: Måndag føremiddag er geolog på staden for å vurdere rasfaren, får smp.no opplyst hos vegtrafikksentralen i Lærdal.

Det har gått eit steinras på fylkesveg 618 i Vågsøy, søndag ettermiddag. Fjordenes Tidende skriv at raset gjekk like etter 14.30 og at vegen er stengt ved Sørpollen inntil vidare.

- Først kom det ein stein rundt klokka 14, og rundt ein halv time seinare kom resten av raset, fortell Jan Erikstad, vaktoperatør ved vegtrafikksentralen i Lærdal, til avisa.

Ein entreprenør er sendt til Sørpollen for å sjå på rasområdet.

- Det er fare for at vegen kan bli stengt ei god stund. Ei svær blokk kom ned, og det er fare for meir, seier Erikstad.

Det er omkøyring via Maurstad som følgje av stenginga.

Det er berre kort tid sidan det gjekk eit ras i same område.

Raset stenger fylkesveg 618 i Sørpollen. KART: GOOGLE MAPS