Dette seier geitebonde Inge Røyrhus (57) til Sunnmørsposten. Han viser rundt i eit nyoppussa fjøs, men der berre eine sidebingen er fylt opp med dyr.

– Også resten av fjøset skulle no ha vore fylt opp med innkjøpte ungdyr. Dei skulle også ha vore ferdig para og drektige med sine første avkom. Men slik er det diverre ikkje, må Røyrhus konstatere. 52 dyr er i fjellet.

Måtte skyte

Snøen lava ned meir enn nokon gong denne helga, over den høgtliggjande gardsgrenda Røyrhus. Vi er rett ved kommunegrensa til Hornindal, medan dei sakna geitene har teke tilhald oppe i nesten 1.500 meter høge Rasmusfjellet, nær kommunegrensa til Stryn. Inge Røyrhus har vore til fjells eit utal gonger i håp om å kunne lokke til seg dyra, som no har delt seg i tre flokkar.

– Eit titals dyr hadde gått seg så skorfaste at eg såg meg nøydd til å engasjere ein spesielt dyktig jeger til å skyte dei ned – på lang avstand.

– Det var umuleg å ta seg opp i dette terrenget, geitene stod fast på ei fjellhylle og ramla fleire hundre meter etter avlivinga, fortel Inge Røyrhus.

Ramnemat

Dyra enda naturleg berre som ramnemat i steinura.

– For desse var det ingen som helst veg utanom avliving, fordi dei ikkje hadde tilgang korkje til mat eller vatn. Eg må berre vere glad vi fekk teke dei i tide.

– For dei 52 geitene som framleis går oppe i fjellet har eg heile tida hatt eit håp om at vi kunne få tak i dei. Mange bygdefolk og kameratar har stilt opp og vore med til fjells. – Eine gongen var vi svært nære å få fange største flokken i eit avgrensa gjøl. Nokre få var tillitsfulle og kom mot mjølposen. Men dei villaste i flokken vann fram – og alle var borte på eit blunk, fortel bonden.

Mattilsynet

Inge Røyrhus har vore jamt i dialog med Mattilsynet i denne vanskelege saka. Dette vert stadfesta overfor Sunnmørsposten av distriktssjef Anne Stine Foldal Aam. Ho viser til teieplikta si i slike saker, men på oppmoding får Sunnmørsposten oversendt dokumenta i saka, i namnesladda versjon. Desse syner i grove trekk ikkje anna enn at også Mattilsynet kjenner på maktesløyse over situasjonen.

– Ein kan alltids gje strenge pålegg etter lovverket om dyrevelferd. Men vi ser at dyreeigaren har loggført eit stort tal turar opp i fjellet, til dels har han vore av garde annankvar dag utover hausten.

– Han har også teke ansvar for å avlive dei dyra som stod i akutt mangel på mat og vatn. Når ein dyreeigar gjer så store freistnader på å berge inn dyra sine, er det vanskeleg å sjå kva meir som kunne vore gjort no, vurderer Foldal. Ho er spent på om snøen no kan presse dyra unna bakke, og om dei kan vere råd å kome på hald i snøen.

– Vi har sett døme på at geiter har vorte ville og overlevd vintrar ute. Men dei er heilt avhengig av å vere så lågt at dei har skog, både til mat og ly, seier ho.

Følg smp.no på Facebook