To menn vart ved 20.30-tida, søndag pågripne av politiet idet dei skal ha forsøkt å stele diesel i Sykkylven.

- Mennene vart tatt idet dei var på veg til å tappe diesel frå ei gravemaskin hos ei bedrift på vegen mot Ramstaddalen, fortel Johan Arnt Overøye ved politiet sin operasjonssentral.

- Dei to er busett i distriktet, men aust-europeiske borgarar. Dei blir meld for forholdet, legg han til.