I ein e-post sendt til Sykkylven kommune søndag kveld, dagen før kommunestyret noko overraskande innførte eigedomsskatt, skreiv fylkesmannen: «kommunen må nøye vurdere alle inntekts- og utgiftsposter».

Ordførar Petter Lyshol (H) seier til Sykkylvsbladet at han stiller spørsmål ved tidspunktet for nå brevet vart sendt, og innhaldet. Han meiner fylkesmannen la føringar for korleis dei folkevalde skulle stille seg til spørsmålet om eigedomsskatt.

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste avviser kritikken:

– Som eit ledd i oppfølginga av alle Robek-kommunar sender vi ein høyringsuttale til budsjettet, der vi peikar på kva kommunane bør sjå på, seier ho til Sunnmørsposten.

Brøste fortel at stort arbeidspress gjorde at dei måtte stå på for å rekke å bli ferdige.