Eit utanlandsk vogntog sperra riksveg 60 mellom Hellesylt og avkøyringa til Norangdalen måndag ettermiddag. Mindre køyretetøy kunne sleppe forbi, opplyste operasjonsleiar Magne Tjønnøy i Sunnmøre politidistrikt like over klokka 12.30.

Knapt to timar seinare var vegen rydda.

- Vegen er no rydda og opna opp for trafikk, skriv politiet på twitter klokka 14.20.

Dette er berre ei av ei rekke rapportar som har kome inn til politiets operasjonssentral i dag.

I morgontimene kom det inn melding om fem vogntog som stod fast på veg opp på Strandafjellet fra Sykkylven. Desse fekk etter kvart lagt på kjetting og kom seg vidare.

Måndag morgon segla ein bil av vegen og knekte ein lyktestolpe slik at lyset gjekk langs vegen.