– Nokre har vore kreative og funne lagerplassane. Vi trur det er lokale personar som står bak dette, seier lensmann Guttorm Hagen til Mørenytt.

Politiet reknar med at ein eller fleire personar på denne måten har oppretta private og altså ulovlege lager av fyrverkeri.

– Vi fryktar at fyrverkeriet blir brukt på ein annan måte enn det er tiltenkt, og at det blir til sjenanse for folk flest, seier operasjonsleiar Magne Tjønnøy i Sunnmøre politidistrikt til Smp.no.

Det har også skjedd fleire andre brotsverk og skadeverk i Ørsta sentrum den siste tida. No oppfordrar lensmannen både foreldre og andre om å kome med tips om dei oppdagar noko mistenkeleg.

Lensmannen opplyser til Mørenytt at politiet i området ikkje tek juleferie og har patruljar gjennom heile jula.