Med i prosjektplanlegginga er Møreforsking og studentar frå Høgskulen i Volda. Ei litt annleis samling samarbeidspartnarar.

– Dette er eit VRI-prosjekt, ei av Forskingsrådet sine hovudsatsingar på prosjekt med forsking og innovasjon i norske regionar. Tanken bak prosjekta er blant anna å forbetre samhandling mellom bedrifter, forsking og utdanning, seier prosjektleiar Astrid Woll i Møreforsking.

Medan kommunikasjonsstudentane frå Volda arbeidar med marknadsføring av bedrifta og å skape kundekontakt, er Møreforsking inne og kartlegg Skodjestraumen.

– Som prosjektleiar er jobben min å kartleggje biologien, artane og mangfaldet i sjøen. I tillegg tek eg bilete som studentane brukar i marknadsføringa.

Unik

Skodjestraumen har sterk tidvatn-straum og eit rikt liv av fisk, dyr og algar. Straumen går under to flotte steinbruer, og dette har OceanFjord no sett butikk i.

– Skodjestraumen er unik med eit stort biologisk mangfald grunna dei sterke straumane, seier marinebiolog Woll.

Turistsnorklinga blir eit lågterskeltilbod alle skal kunne nytte seg av uansett erfaring.

– Botnen på Skodjestraumen blir ikkje djupare enn ti meiner. At det er grunt gjer det lett å sjå mykje av livet sjølv om ein snorklar, seier Woll.

– I tillegg er det alltid godt vêr her og nesten aldri bølgjer eller vind, legg ho til.

Skodjestraumen har, trass lite bølgjer, mykje av det biologiske mangfaldet ein berre finn på område som er eksponert for vær og vind.

– Straumen kompenserer for at det ikkje er bølgjer og gjer at dei store brunalgane, fingerfare og stortare, også trivast i Skodjestraumen, fortel Woll.

Vinn-vinn

Sjølv om OceanFjord er den økonomiske vinnaren av VRI-prosjektet, meiner marinbiologen at alle partar er vinnarar.

– Møreforsking har fått starta ei kartlegging av mangfaldet i straumen. Det har vert dykka i straumen i mange år, og forandringar som blir observert i prosjektet, blant anna med taren, er interessant å følje vidare å sjå om det er naturlege svingingar/syklusar. Studentane på si side har fått eit litt annleis og kult prosjektarbeid. Vri-prosjektet har verkeleg gagna alle, avsluttar Woll.

<strong>VRI-Prosjekt:</strong> Astrid Woll er marinbiolog ved Møreforsking og prosjektleiar for snorkletilbodet til OceanFjord. – I starten av mars skal det vere klart for dei første turistane. Foto: Kjerstad