– Det er viktig å stå samla. Hemsedal-alternativet ligg langt fram i tid, og vi kan ikkje sitje roleg og handle ut frå det som kan skje i framtida. Nye tunnelar på Strynefjellet er einaste løysing, seier Jan Ove Tryggestad (Sp), ordførar i Stranda.

Vegvesenet meiner at med ferjefri E39, og bru over fjorden i Stryn, vil ein raskast kome seg frå Nordvestlandet til Oslo via Sogn. Med bru over Sognefjorden frå Mannheller til Fodnes og lang tunnel gjennom Hemsedalsfjellet, vil dette bli beste løysinga, sjølv frå Ålesund.

Felles innspel

Ordførarar og representantar frå næringslivet på søre og indre Sunnmøre, samt indre Nordfjord, var samla i Volda torsdag. Svein Sunde i Gode vegar AS vil invitere til eit samla innspel til utgreiinga om aust-vest-sambanda. Målet er å sikre ei samla regional støtte til nye tunnelar på Strynefjellet.

Ordførar Jan Berset (H) i Ulstein vil diskutere saka med formannskapet, men er rimeleg trygg på støtte til Strynefjellet.

– Mange frå ytre bruker Strynefjellet. Når Gudbrandsdalen no er rusta opp, er det endå større grunn til det, seier Berset.

Også Volda-ordførar Arild Iversen (KrF) gir støtte:

– Vi har i mange år vore opptekne av sambandet aust – vest, og det har vi fått med Kvivsvegen. Standarden på tunnelane på Strynefjellet er kritisk, og det hastar å få sett vegen på dagsorden. Tunnelane må fornyast, uansett framtidige ferdselsårer.

Les rapporten her (ekstern lenke)

Gudbrandsdalen

Sykkylven-ordførar Petter Lyshol (H) peikar på at vegen ikkje berre er til Sandvika utanfor Oslo:

– Utgreiinga frå vegvesenet ser på Sandvika som mål, men næringslivet vårt begynner ikkje å levere varer i Sandvika.

Stryn-ordførar Sven Flo (H) trekkjer fram Tine som kvar dag køyrer tonnevis av mjølk over Strynefjellet frå Gudbrandsdalen til Byrkjelo.

Han er også oppteken av sambandet frå Strynefjellet til verdsarvområdet og Geiranger.

Det er også Tor Arne Grande frå Geiranger veginvest. Ein arm til Geiranger sikrar vinteropen veg og dermed heilårsturisme, noko som vil vere viktig for ein større region.

Odd Magne Vinjevoll i Ørsta næringsforum ser også eit regionalt potensial for turisme på strekninga Hjørundfjorden–Geiranger. Han meiner dessutan at Strynefjellet er viktig for å når tak i ein opprusta E6.

– Kvifor skal dei bruke mange milliardar på E6, om vi ikkje kan knyte oss på, seier Vinjevoll.

– Sjølv om dei satsar på Hemsedal, så er det store avstandar her. Vi må ha ein veg mot Otta også, seier Hornindal-ordførar Anne Britt Øen Nygård (Sp).

Stryn-ordførar Sven Flo er glad for støtta så langt:

– Dette var eit positivt møte. Mange argument styrkar Strynefjellet, og eg er optimist. Strynefjellet har livets rett, seier Flo.