Vegane på Vestlandet er stort sett bare gjennom heile vinteren. Likevel køyrer om lag 70 prosent av oss piggdekk.

— Fordelinga på Sunnmøre er 70/30. Sjølv om vi ser at trenden snur, er det framleis vinterdekk med piggar som er vanlegast, seier Jan Arve Skåravik, dagleg leiar Scan Vest Dekk AS.

— Det er ikkje godt å seie kvifor vi vel piggdekk. Vi skal ikkje lengre enn til Bergen før vi ser ei heilt anna fordeling. Der er det om lag 90 prosent som har piggfrie. Det har nok mykje å gjere med piggdekkgebyret, seier Skåravik.

Kvinner vel i større grad piggdekk framfor piggfritt.

— Kvinner er kanskje litt meir skeptiske til å køyre på glatta, og vel piggdekk fordi dei trur det er tryggare, seier Skåravik.

I dag er det berre Oslo og Bergen som har gebyr for å kjøre med pigg, sjølv om Trondheim kommune òg hadde gebyret i ein kortare periode.

Slitasje per km

— Piggdekk slit mykje meir på asfalten enn vanlege dekk. Målingar Vegvesenet har gjort viser at ein vanleg personbil slit 5–10 gram asfalt per kilometer, seier Thor Asbjørn Lunaas i Statens vegvesen.

Det er 50 gram asfalt frå sentrum til Moa, like mykje som det eit vanleg egg veg.

— Vi målar tilstandane til vegane kvart år, og ser at spora er djupare etter vinterdekkperioden, seier Lunaas.

Køyrer piggfritt

Tomas Willumsen er avdelingssjef for DekkTeam i Ålesund sentrum og merkar godt at folk stort sett har piggdekk.

– Pigg eller piggfritt er eit vanskeleg val. Det er mykje forskjellig føre. Ein dag kan det vere speilblank is, og stort sett resten av året har bare vegar, og heilt unødvendig å ha piggdekk, seier han.

Willumsen har køyrt piggfritt i alle år og skiftar berre til piggdekk når han veit han skal til område med større fare for glatte vegar.

– Det er vanlegare og eit større behov for piggdekk i nordlegare strøk. Her i sentrum er det få dagar der vinterdekk utan piggar ikkje held same standar som piggdekk, seier Willumsen.

Meir forbrukarstoff på smp.no

Støv og slitasje

Sjølv om Ålesund har høgt tal på piggdekkøyrarar, har ikkje kommunen planar om å innføre piggdekkgebyr eller sette inn andre konkrete tiltak. Asfaltstøvet ligg godt under det som kommunen ser som eit problem, og lufta i Ålesund er stort sett bra.

– Så langt har det ikkje vore eit alternativ å sette gebyr på piggdekk. Men med sånne vintrar som vi har hatt i år, blir det meir støv enn vi er vande med, og vi ser at vi har brukt kostebilen meir enn tidlegare, seier Oddvar Kongsvik i Ålesund kommune.

– Det seier seg sjølv at det blir meir slitasje med piggdekk, men det er ikkje på dei kommunale vegane den største slitasjen skjer, det er på vegane med meir trafikk.

Mål djupna

Det viktigaste, uansett kva dekk ein har, er at spora er djupare enn 3 mm.

— Dei piggfrie dekka vi sel i Norge er som regel av ein litt annleis type gummi enn dei sel i nede i Europa. Dei har mjukare gummi. Våre dekk kallar vi nordiske piggfrie vinterdekk, fortel avdelingsleiaren på DekkTeam.

Willumsen meiner piggfrie vinterdekk held i 99 prosent av alle vegforhold ein som bilkøyrar på Vestlandet kjem ut for, men at det finst løysingar for den eine prosenten òg.

— Det finst enkle kjettingar eller snøsokkar som kan brukast den eine dagen det er speilblank is i bakken opp til hytta.

Følg smp.no på Facebook