Kjøttmeis er som venta den mest vanlege fuglen å sjå i hagen no vinterstid.

I helga gjekk den årlege fugleteljinga av stabelen, og ved middagstider måndag var det kome inn rapportar frå 335 hagar i Møre og Romsdal og frå 112 hagar og Sogn og Fjordane.

I Møre og Romsdal vart det observert til saman 3.099 kjøttmeis, 1.775 blåmeis og 2.403 gråsporv. I Sogn og Fjordane er det rapportert om 1.284 kjøttmeis, 478 blåmeis og 762 gråsporv.

Av meir sjeldne observasjonar i Møre og Romsdal kan vi nemne ei linerle, ein måltrost og ei perleugle.

I Sogn og Fjordane vart det registrert ei kongeørn, ein rødvingetrost og ein stillits.

Det vart også observert fleire firbeinte i helga, mellom anna 46 ekorn i Møre og Romsdal.