Sunnmørsposten at stilt følgjande tre spørsmål til 12 ordførarar i nordre del av distriktet:

1. Kven ønsker du å slå deg saman med?

2. Kva er alternativet du slett ikkje vil gå for?

3. Bør det gjennomførast folkeavstemning for å avgjere dette i kommunen din?

Nedanfor finn du svara frå kvar einskild av dei.

HARAM

Bjørn Sandnes (H)

1. Eg håper møtet i Brattvåg vil munne ut i at vi i alle fall sit igjen med seks kommunar rundt og inkludert Ålesund som ynskjer å gå vidare i ein prosesss.2. Ser ikkje for meg ein stor­kommune med alle kommunane på Sunnmøre. 3. Eg vil heller gå inn for ein ­inn­byggjarundersøkelse enn ei folke­røysting.

­

ÅLESUND

Bjørn Tømmerdal (H)

1. Bystyret i Ålesund har vært tydelige på at vi ønsker å se på en kommunesammenslåing som omfatter alle kommuner på nordre Sunnmøre pluss Sandøy.2. Status quo. 3. Svaret på dette spørsmålet kommer vel an på svaret på de to første. Altså hvem vi skal slå oss sammen med. Uansett må det bli innbyggerdialog i en eller annen form.

SANDØY

Hans Endre Sæterøy (H)

1. Vi vil sjå sørover og stiller oss bak det Haram og Ålesund har sagt om storkommune. Det er ikkje muleg å vere åleine lenger når vi er så små. Eg vil gjerne ha signal frå kommunestyret på dette. Om dei ønskjer Midsund/Aukra må vi sjå på det. Det er nedsett ei prosjektgruppe som skal sjå på dette. 2. Aukra/Midsund er vanskeleg kommunikasjonsmessig. Vi må forvente at Nordøyvegen kjem saman med kommunesammenslåinga. 3. Viss vi skal inn i ein storkommune kan det vere mange alternativer. Enten spørsmålet er ja eller nei, eller det er meir komplekst er det greit med folkeavstemning.

VESTNES

Geir Inge Lien (Sp)

1. Vi er lykkelige som vi er. Vi ser både til Rauma, og til Midsund og Aukra. Viss det skal bli ein storkommune i Romsdal prøver vi å få til ei utgreiing mot Sunnmøre; Ørskog, Skodje, Stordal, Haram. Der kan vere mange alternativer innanfor dette. Vi ventar på meir konkrete signal frå Storting og regjering om storleik og oppgåver som vi ikkje greier å løyse i dag. Kommunestyret har sagt at alle alternativ skal utgreiast. Eg er ikkje redd for å skaffe kunnskap. 2. Vi blir ein liten ytterkant i ein storkommune i Ålesund. Med 2-4 bystyrerepresentantar får vi veldig liten påvirkning. Kommunen sitt behov og utvikling vil tape veldig. 3. Ja.

SULA

Geir Ove Vegsund (H)

1. Sula er klar på at vi primært vil vere eigen kommune, men dersom det ikkje går må det verte Nordre ­Sunnmøre.2. Ålesund, Sula og Giske er eg imot, og det same med ­Ålesund og Sula.3. Kommunestyret har vedteke at vi ønskjer folkerøysting.

Ordførar Petter Lyshol (H) er ordførar i Sykkylven.

SYKKYLVEN

Petter Lyshol (H)

1. Eg er heilt open både på kva retning Sykkylven bør gå, og kva for storleik det bør vere på den nye kommunen.2. Per no så har eg ikkje landa på noko standpunkt, så då veit eg heller ikkje kva som ikkje er aktuelt.3. Det kan vere aktuelt med ei ­folkeavstemming, ja.

STRANDA

Jan Ove Tryggestad (Sp)

1. På noverande tidspunkt har eg ikkje noko klart og tydeleg ønske. Eg vil at fleire alternativ skal greiast ut, og det er også haldninga til formannskapet og kommunestyret.2. Jo større einingar, jo mindre aktuelt er det for min del. Heile Sunnmøre som ein kommune er ikkje noko eg vil gå for.3. Det kan vere aktuelt, eg er iallfall open for ei folkeavstemming om det er ønske om det i folket – ikkje minst om kommunestyret vil ha det.

NORDDAL

Bjørn Inge Ruset (Ap)

1. Det er for tidleg å svare på. Eg har ikkje konkludert enno. Vi skal ha ein politisk prosess først her i kommunen, og det er mange moglegheiter.2. Det veit eg heller ikkje enno.3. Nei, personleg så meiner eg at dette må kunne avgjerast på andre måtar enn gjennom ei folkeavstemming. Men dette er noko kommunestyret må ta stilling til.

ØRSKOG

Thorbjørn Fylling (Frp)

1. Helst naboane våre, og dei som har ei felles oppfatning om å utvikle regionen vår og levere gode tenester til innbyggarane. 2. Eg stengjer ingen ute på noverande tidspunkt. I tida framover får vi ny kunnskap om kva oppgåver kommunane vil få. Det kan ha betydning for framtidig struktur. Likeins ulike avklaringar mellom kommunane.3. Folkeavstemming kan vere aktuelt, men aller helst ser eg nytten av ei brukarundersøking i slutten av prosessperioden, men før kommunestyra skal gjere sine val.

GISKE

Knut Støbakk (KrF)

1. Dersom vi skal slå Giske kommune saman med nokon, må det verte Nordre Sunnmøre.2. Ålesund, Sula og Giske vil eg ikkje gå inn for.3. I utgangspunktet er eg for folkeavstemming.

SKODJE

Terje Vadset (Frp)

1. Dette er for tidleg å seie noko om. Vi må arbeide meir med saka, og få fram fleire konkrete alternativ.2. Eg har ingen bastante meiningar om dette. Vi må gå breitt ut, før vi kan seie kva vi vil.3. Denne saka eignar seg ikkje godt til å svare ja eller nei på i ei folkerøysting. Det er for snevert med berre ja eller nei. Det passar til dømes til å avgjere søndagsopne butikkar eller ikkje.

STORDALCharles Tøsse (H)

1. Alle dører er opne per no. Vi har starta ein prosess der vi skal sjå på alternativa. 2. Nokre er mindre sannsynlege enn andre. Det mest logiske for vår del er dei nord for Storfjorden. Det minst logiske er dei sør for fjorden. 3. Folket må i hvertfall bli høyrt. Anten gjennom innbyggjar­undersøking eller avrøysting.