Etter det Sunnmørsposten kjenner til har politiet i Sykkylven aksjonert ved ein skule i samband med ein sak om mobbing på internett. Dette skjedde i førre veke.

– Vi har dialog med skulen, men eg kan stadfeste at vi har ei sak under etterforsking, seier lensmann Evelyn Liseth til smp.no.

Skal ha skjedd på Facebook

Mobbinga skal ha gått føre seg på Facebook, men per no kan ikkje Liseth seie noko om kva slags mobbing det er snakk om. Det var Sykkylven ungdomsskule som varsla politiet, men politiet sjølv som oppretta sak.

– Det eg kan sei er at saka har kome opp gjennom skulen, seier lensmannen i Sykkylven.

– Betyr det at det er skulen som har meldt saka?

– Nei, det har eg ikkje sagt noko om. Det hender at politiet opprettar sak på eige initiativ.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Elevar varsla lærar

Liseth vil ikkje uttale seg for mykje av omsyn til etterforskinga som no er på gang, men Sunnmørsposten kjenner til at folk frå politiet har vore på skulen i samband med førebyggjande arbeid.

Roar Wiig er rektor på skulen som har 360 elevar.

– Skulen har ein handlingsplan mot mobbing som vi jobbar etter i alle saker, og vi har hatt ein rimeleg god statistikk. Men vi tek ting alvorleg og har eit godt samarbeid med politiet, seier rektor Wiig.

Han seier at han ikkje har hatt liknande saker i løpet av sine fire år som rektor. Det var lærarar som blei varsla av elevar i denne konkrete saka.

– Før var kanskje mobbing skulerelatert. No har det flytta seg til ein arena vi ikkje har like god kontroll. No er det ikkje ein skulesak, men ein politisak. Difor er fokuset no å avdekke om det er nettmobbing, og ta vare på elevane som blir mobba. Diverre er det ikkje alltid slik at elevane ser konsekvensane av det dei gjer på nett, seier Wiig.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Fleire involvert

Rektoren har ikkje fullstendig oversikt, men det skal vere fleire elevar innblanda i mobbesaka. Hendinga vart oppdaga rett før helga. Sykkylven ungdomsskule har ein eigen miljøterapeut som jobbar tett med temaet.

– Sjølv om eg føler at vi jobbar godt og seriøst med mobbing, vert vi aldri gode nok. Saka er trasig for dei som er i situasjonen, men vi må tørre å vere opne og snakke om det, seier rektoren.

Etter det Sunnmørsposten kjenner til har det vore fleire mobbesaker på nett i Sykkylven, også utanfor skulen.