– Dette er veldig lærerikt, seier Irene Lødemel som jobbar i heimesjukepleien i Hornindal.

Med få tasttrykk har ho kopla Hornindal omsorgssenter til videokonferansen som denne veka hadde sending frå sjukehuset på Nordfjordeid.

Biverknader

Det same har dei gjort på Eid sjukeheim, Stryn omsorgssenter, Vikane omsorgssenter, Gloppen omsorgssenter, Kulatoppen omsorgssenter i Vågsøy og Seljetunet omsorg- og rehabiliteringssenter.

Ei gruppe med representantar frå institusjonane har ansvar for å planlegge undervisninga og velje ut aktuelle tema.

Denne veka snakka farmasøyt Randi Elisabeth Nyhammer-Taklo om biverknader av medi kament med vekt på eldre, eit tema dei som følgde undervisninga i Hornindal kunne mykje om frå før.

– Men det er godt å få repetert, seier Agnethe Hauge.

Undervisninga er i to bolkar, slik at personalet kan dele på å delta. Kor mange som kvar gong følgjer undervisninga rundt om i distriktet vil variere, men tiltaket er populært.

– Har eg tid, så prøver eg å få det med meg, fortel Peggy Tronstad.

Vellukka

På skjermen ser vi også bilde frå dei andre sjukeheimane som deltek. Og det er muleg å spørje og kommentere.

Prosjektet har no halde på sidan mai 2013. Og prosjektleiar Elin Brekke Grinde meiner det har vore vellukka.

– Vi hadde tekniske problem i starten, men frå november har vi hatt god nok kapasitet på linjene og det tekniske fungerer. Utstyret er også lett å bruke, og vi har fått positive tilbakemeldingar, seier Grinde.

Ho meiner også at undervisninga er viktig.

– Det er blitt strengare reglar til helsepersonell og krav om fagleg oppdatering. Kommunane må syte for at personellet har mulegheit til å skaffe seg kunnskap, seier Grinde og legg til denne undervisninga er god hjelp til små institusjonar der intern kursing er ei utfordring.

Grinde har hatt møte med alle kommunalsjefane innan pleie og omsorg i Nordfjord, og dei har gitt signal om at dette er eit viktig tilbod som må halde fram, også etter at prosjektet blir avslutta.