«På grunn av reservefartøy i rute B vil det bli noe redusert kapasitet.», melder Noreled om ferjesambandet Sulesund-Hareid. Dei skriv ikkje kor mange færre bilar reserveferja tar. Ferja Høgsfjord med plass til 76 bilar ersattar Ullensvang (120 bilar). Det betyr 44 færre bilar.

Kobling rauk

Det oppstod røykutvikling på Ullensvang tysdag kveld. Tidleg onsdag formiddag er det klart at koblinga mellom akslingen og motoren er øydelagd på Ullensvang. Norled undersøker kor lang tid det vil ta å få levert ny del.

- Dette er ikkje gjort på to dagar, i alle fall, seier regionssjef Inge Andre Utåker i Norled til Smp.no.

- Skjer dette fordi Ullensvang må køyre for full spikar for å halde ruta?

- Generelt er det slik at dess hardare ein må køyre utstyret, dess større er sannsynlegheita for at det oppstår feil. Men om det er dette som er årsak her veit vi ikke, seier ferjesjefen.

I kontrakten har Norled anledning til å setje inn reservefartøy med minst 65 bilar i 21 dagar kvart kalenderår. I verste fall blir det meste av denne kvoten oppbrukt allereie no.

Går for sakte

Erstatningsferja Høgsfjord går også litt for sakte for dette sambandet.

- Vi jobbar med tiltak for å få opp farten på ferja, seier Utåker, og fortel at reingjering av botnen er første tiltak.

For mannskapet er dette også ein ny båt som det tar tid å venne seg til.

Klokka 10.06 gjekk Høgsfjord frå Hareid meir enn fem minutt forseinka.

Er ferja i rute? Følg skipstrafikken her

- Kva var det eg sa?

- Vi ventar no at folk seier «kva var det eg sa», det vil aldri gå bra med Ullensvang, seier regionsjefen for ferjer i Norled.

- Til det vil eg jo seie at vi har greidd oss bra. Og det er tre skift på ferja som alle treng tid til å lære og venne seg til den nye ferja, seier Utåker.

- Endeleg kvitt ferja

Fram til nyttår gjekk den snart 29 år gamle ferja mellom Tau og Stavanger. For eit år sidan skreiv lokalavisa Strandbuen på leiarplass at dei såg fram til å bli kvitt Ullensvang.

- Tekniske problem og ulike uhell har ført til frustrasjon og irritasjon, skreiv Strandbuen om dei gamle ferjene i sambandet.