HAREID (smp.no): Denne veka ramma nye problem dei reisande på eitt av Møre og Romsdals største ferjesamband. Årsaken denne gongen var ein brann om bord i Ullensvang seint tysdag kveld.

Onsdag føremiddag var det ferja Høgsfjord som gjekk i sambandet saman med Tidefjord, og ingen som kunne seie kor lang tid det ville gå før ei skikkeleg erstatning var på plass.

Vatne: – Ber Norled igjen vurdere å bytte ut UllensvangLes også: – Dette er ikkje gjort på to dagar, i alle fallLes også: Maskinbrann i omstridd ferje

Høgsfjord med plass til 76 bilar ersattar Ullensvang (120 bilar). Det betyr 44 færre bilar.

– Ikkje berre næringslivet

Ferja hadde plass til nokre få bilar til då den gjekk frå kai seks minutt etter tida ved 10-avgangen frå Hareid. Mellom dei som var om bord, var Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest.

– Dette skaper ny usikkerheit for folk. Ikkje berre for næringslivet og pendlarane, men også for de som skal reise vidare med fly og har avtale til dømes på sjukehus, seier Ingjerd til smp.no.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Men han oppmodar samstundes folk til ikkje å ta ut frustrasjonen på mannskapet om bord.

– Det synst eg er dårleg gjort. Dei gjer som godt dei kan og er like frustrerte som dei reisande. Dei også ønskjer skikkelege arbeidsforhold, og er i same båt som oss.

– Bør vurdere kontrakta

Ingjerd som sjølv nyttar sambandet fleire gonger i veka, meiner no fylket - både administrasjonen og politikarane - bør vurdere å seie opp kontrakta.

– Ein bør vurdere om det er grunnlag for å avslutte kontrakta. I det minste bør ein stille tøffare krav til Norled, seier han.

Han meiner óg at fylkeskommunen må sjå kritisk gjennom kriteria som ligg til grunn for anboda.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ekstaløyving frå Staten?

Eit anna alternativ meiner han er at Staten går inn med ei ekstraløyving.

– Staten, og ikkje fylket, må inn med meir pengar, for å få sambandet opp på eit nivå som næringslivet og samfunnet elles fortener. Dei gjorde det på Molde-Vestnes-sambandet. Sjølv om Hareid-Sulesund inntil vidare er eit fylkessamband, meiner eg det bør gjerast, seier han.

Han også kritisk til korleis reiarlaget behandlar dei reisande:

– Først og fremst når det gjeld materiell, men eg forstod at det tysdag kveld også svikta i informasjonen, seier han.