- NVE har mange varslingstenester frå før, men vi har ikkje hatt denne type overvaking.

No får NVE tilført spisskompetanse på overvaking av store fjellskred. Denne kompetansen kan brukast over heile landet, seier han til Sunnmørsposten.

Frå årsskiftet

Den formelle overtakinga av Åknes Tafjord Beredskap skjedde med verknad frå årsskiftet. Onsdag vart dette markert i lokala til Åknes Tafjord Beredskap IKS på Stranda, med representantar frå mellom anna eigarkommunar og NVE.

Restgjeld

Per Sanderud seier at når det gjeld restgjelda til kommunane Stranda og Rauma, som dreiar seg om rundt 22,8 millionar kroner for Stranda og vel 15 millionar kroner for Rauma, så er det ein dialog mellom dei respektive kommunane og Olje- og energidepartementet.

Dette er eit spørsmål som NVE ikkje har noko med.

- Stortinget har i ein merknad sagt at dei kommunane som sit att med gjeld, skal få dekt ein rimeleg andel. Men kva som er ein rimeleg andel, det vil ikkje eg ha noko meining om, seier Sanderud.

- Kjell Jogerud, som inntil årsskiftet var dagleg leiar i Åknes Tafjord Beredskap IKS og etter overtakinga er leiar for verksemda på Stranda, seier at det ikkje betyr så mykje reint praktisk at NVE har teke over.

Kompetanseutveksling

- Men vi vert del av ein større organisasjon, og eg ser for meg gjensidig utveksling av kompetanse. Den største forskjellen vert at vi og eigarkommunane slepp den årlege kampen med å skaffe pengar til drifta. Å drive overaking av store fjellskred er ei for stor oppgåve for små kommunar i det lange løp. No slep vi den årlege kampen med å skaffe pengar, og vi kan konsentrere oss om primæroppgåva, som er overvaking, seier han.