Samferdsleutvalet skal ha møte tysdag, og der vil Sve be om at utvalet seier klart frå om at "nok er nok". Han meiner administrasjonen må setje seg ned og finne ei løysing på ferjeproblema, saman med Norled.

- Vi kan ikkje leve med diskusjonen i det uendelege. Det må skje eitkvart, meiner han.

Opera

Sve kallar ferjesaka ein parodi. Men han meiner fylkespolitikarane i Møre og Romsdal sjølv er skuld i at det er blitt slik. Ein har fått det tilbodet ein betaler for.

Og han legg til:

- Når vi brukar 400 millionar til opera, så må vi slite med gammalt ferjemateriell.

Ferje nummer tre

Fylkespolitikrane har uansett vedteke at det skal ei ferje nummer tre inn på sambandet Hareid - Sulesund.

- Og det er ufatteleg at denne ferja ikkje allereie er på plass, seier Sve og skjønar ikkje at dette kan vere så vanskeleg å få til.

- Det kan diskuterast om "Ullensvang" er i tråd med kontrakten, men den debatten kjem det lite ut av. No må vi få på plass den tredje ferja. Det er vedteke, og vi gjer vedtak for at ting skal skje, seier Sve som meiner det ikkje berre er Norled sitt ansvar, men at ansvaret like mykje ligg på fylkeskommunen.

Frank Sve vil ta opp problema på sambandet Hareid - Sulesund i samferdsleutvalet neste veke. Foto: Arkiv