Kjell Arne Steinsvik og Kristine Nygård frå Ørsta skal segle jorda rundt til pengane tek slutt. Som litt ekstra selskap har dei fått både vener og flygefisk om bord – i senga!

Sjå video av hendinga i vindauget over.

– Kvar natt landar fleire flygefisk på dekk, og to av mannskapet har vorte treft av dei, fortel Steinsvik.

Inn gjennom ei ope luke og med ei mjuk landing i senga – slik var ferda til fisken. Rune Sæbønes fortel på telefon frå flyplassen i Barbados at han har vore med på ein flott 17-dagers tur over Atlanterhavet.

– Fiskane kom flygande mot oss heile tida, om natta så bomma dei og hamna om bord i båten. Ein kom inn takluka, ein annan låg på ripa og ein tredje i cockpit. Eg vart òg treft av ein, ler Sæbønes.

Lite drama

Reisefølget dro 10. januar frå Mindelo på Kapp Verde og kom fram til Rodney Bay på Saint Lucia tysdag formiddag lokal tid.

– Vi kasta loss i Ørsta i starten av august, og så langt har vi lagt bak oss 6300 nautiske mil, fortel Steinsvik.

Når internettet tillet det, oppdaterer dei detalajar om reise til sine følgjarar på Facebook.

– Vi har opplevd både irriterande stille sjø og kuling, men det var aldri nokon dramatikk. Alt i alt har det vore mest sol og godt vêr, seier Sæbønes medan han ventar på flyet heim frå Karibia.

Fiskefri søvn

Det er fem timar tidsforskjell frå Norge til Barbados , kor det attverande mannskapet no nyt fersk mat og senger utan fisk.

– Etter 17 døgn til havs var det godt å kome i land på st. Lucia, ete fersk mat, drikke kald øl og sove i ei seng som står stille, seier Steinsvik til smp.no.

Vidare er planen å segle rundt mellom øyane i Karibia nokre månader før orkansesongen startar.

– Så får vi sjå kva vi gjer vidare, fortel kapteinen.

Flygefisk på dekk er ei kvardagsleg (og -nattsleg) sak på segltur over Atlanteren. Foto: S/Y Emma
Rune Sæbønes (til høgre) har no mønstra av S/Y Emma og vart teken til flyplassen av Johnny (t.v.). Foto: Mannskapet på S/Y Emma