I fredagsutgåva av Sunnmørsposten kallar Frank Sve (Frp) ferjesaka ein parodi. Nestleiaren i samferdselskomiteen meiner fylkespolitikarane i Møre og Romsdal sjølv er skuld i at det er blitt slik og at ein har fått det tilbodet ein betaler for.

– Når vi brukar 400 millionar til opera, så må vi slite med gammalt ferjemateriell, seier Sve til Sunnmørsposten.

Det får fylkesordførar Jon Aasen (Ap) til å reagere:

– Ei slik breiside frå Sve kan ikkje få stå umotsagt. Alle vedtak er samrøysta, og Sve har sjølv vorte med og fatte dei, seier Aasen.

Les også: Krev handling i ferjesaka

Les også: Reserveferja må la bilar stå igjen

Ikkje opera

Han reagerer særleg på at Sve framstiller det som om operaen i Kristiansund blei prioritert i staden for «kjerneoppgåver».

– Samferdsle og ferje for folk og næringsliv er noko av det viktigaste, seier Sve og understrekar at han meiner operastøtte er total feilprioritering.

Les også: Maskinbrann i omstridd ferje

– Vi har ikkje brukt ei krone på opera, og og det kjem vi heller ikkje til å gjere dei fire neste åra. Det er langt opp og fram, ikkje noko er vedteke anna enn forslag om 11 millionar per år i langtidsbudsjettet, kontrar Aasen.

Når det gjeld den trøblete ferjestrekninga Hareid-Sulesund, kor den gamle, nyinnsette «Ullensvang» har fått motorhavari og er på verkstad, er fylkesordføraren svært frustrert.

– Eg er like forstøtt som andre over at vi må akseptere denne gamle ferja som tydeleg er for dårleg til å takle dette stressa sambandet, seier han.

Norled må innfri

No er det opp til Norled, som har fått konsesjon på eit attraktivt samband, å vise at ho dug og at dei kan levere i tråd med avtalen.

– Det ligg i anbudet at ho kan vere 21 dagar ute av drift per år. Ei gamal ferje treng vedlikehald, og dette motorhavariet stel nokre av desse dagane, så eg reknar med Norled er ganske stressa sjøl, seier Aasen.

Det kan Norled sin regionssjef ferjer bekrefte:

– Det stemmer det han seier der, og vi er sjølvsagt klar over den 21-dagersgrensa. Det skal i utgangspunktet vere rikeleg, men det er klart at det er utfordrande, seier Inge Andre Utåker til smp.no fredag ettermiddag.

Han fortel at det er lite nytt i saksgangen med når «Ullensvang» kan kome til å vere tilbake på plass.

– Det kjem an på kva tid delane kjem, som er det sprengande punktet her. Det går nok ut neste veke, seier Utåker.

Skal få ei tredje ferje

Aasen har òg ei forklaring på kvifor den tredje ferja førebels uteblir.

– Det er gjort eit samrøysta vedtak i fylkestinget om at vi må ha ei tredje ferje, og det er vegvesenet som har fullmakt til å starte forhandlingene. Norled har konsesjonen på sambandet, og det tilbodet dei ga vegvesenet hadde for mange vikarierande element, forklarer Aasen.

Det betyr at saka må løysast på ein annan måte, og helst hadde fylkesordføraren sett at Norled set eit tilbod som gjeld isolert for denne strekninga, slik at den tredje ferja kan kome på plass snarast muleg. Eventuelt må fylkeskommunen ut på marknaden.

– Trafikantane, næringslivet og reisande kan vere trygge på at ho kjem, men eg kan ikkje forskottere forhandlingane.

Les også: – Ikkje kjeft på ferjemannskapaLes også: Vatne ber Norled igjen vurdere å bytte ut Ullensvang

Gir regjeringa skulda

Jon Aasen seier at fylkestinget sjølv har bestemt at det skal kome ei ferje nummer tre på det stressa sambandet, og den må dei finansiere sjølv.

– Problemer et at vi har nye anbod på seks strekke no, og prisen på desse har stige med over 40 prosent frå tidlegare anbod. Regjeringa har ikkje auka finansieringa tilsvarande, og det er mellom 120 og 130 millionar vi sjølv må stå for. Det er eit kjempeproblem, seier Aasen.

Han fortel at fylkeskommunen pressar på regjeringa om å finansiere fylkesvegferjene, men møter lite velvilje så langt.

– Dagens regjering følgjer ikkje opp på fylkesvega, men set derimot inn 20-minuttersavgongar på eigne vegar, seier Aasen og trekk fram sambandet Halsa-Kanestraum som eksempel.

Les også: – Dette er ikkje gjort på to dagar, i alle fall

Onsdag tok reserveferja MF Høgsfjord over B-ruta i sambandet mellom Hareid og Sulesund. Reiarlaget Norled reknar med at ferja i verste fall må gå ruta i fleire veker, men allereie første dagen var det klart at den ikkje makta ta unna trafikken.

At oppstillingsplassen manglar ei god løysing for kva bilistane skal gjere når dei blir ståande att nører opp under frustasjonen hos dei reisande. Sjølv om det unekteleg har komiske undertonar, er det også trafikkfarleg.

Les også: Ber om opprør med texasfilm frå ferjekaia

PS! Ved 16-avgangane er kaoset naturlig nok større. Du kan sjå korleis det kan gå til då i to filmar på Youtube her og her.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Frank Sve (Frp) er nestleiar i samferdelskomiteen i fylkeskommunen.
Høgsfjord tek 44 bilar mindre enn Ullensvang, det skaper tidvis på på kaiene Sulesund/Hareid. Foto: Anne-Mari Tomasgard
<strong>Framgang:</strong> Aps fylkesordfører Jon Aasen. Arkivfoto: Staale Wattø