– Eg veit ikkje kor det er, har ikkje fått noko melding, seier anlegg- og driftsleiar Jon Rune Våge når smp.no ringer fredag klokka 15.

Etter å ha send han bileta frå vår fotograf, reagerer han hakket meir kraftig:

– Nei, ka i all verda!, utbryter Våge.

Han meiner å sjå kvar det er og skal kontakte driftsfolka sine umiddelbart.

– Det er nesten bortmed brua der, eg skal få folk ut og sjå på det med ein gong, seier Våge.

Bileta viser store mengder vatn som tek med seg vegetasjonen på ferda ned mot sjøen.

– Det er no heilt håplaust, eg skal få ut folk med ein gong, repeterer driftssjefen.

Matfeitt

Når smp.no tar kontakt med Våge i 16.30-tida kan han gje ei forklåring på kva som har skjedd.

– Det har vore ei feittpropp som har tetta att røra, men den vart fjerna i går, fortel han.

Dette har gjort at kloakk har flomma opp og ut. Grunnen skal vere at ein no bruker mykje meir matfeitt enn ein gjorde tidlegare, og problemet er aukande.

– Dette er slikt som oppstår av seg sjølve. Folk brukar mykje meir matolje no. Det hadde vore ein fordel om dette vart kasta i søpla i staden for å skylje det ned i oppvaskkummen, seier Våge.

Vert rydda opp

Våge seier at han er glad for at folk seier i frå om dei kjem over slikt.

– Det gjer oss mogelegheit til å få det rydda opp. No har me bestilt eit renovasjonsfirma som skal ta seg av dette. Det vert gjort på laurdag.