Kommunal Rapport har klage på framgangsmåten, og Sivilombodsmannen krev no svar frå kommunen for å kunne avklare om samlinga var ulovleg organisert og avvikla. Kommunen må svare på om det blei halde eit møte om tilsetjingsforholdet til no avgått rådmann.

Dei må også gjere greie for om det var eit møte i kommunelova sin forstand.

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H) har tidlegare uttalt til smp.no at møtet vart halde slik etter råd frå KS.

– Eg har konferert med KS, dei har gitt råd om å gjere det på dennemåten, denne gongen. Vidare fekk eg som ordførar også aksept aveit samla formannskap om å gjere det slik, opplyste Goksøyr til smp.no.

Heimel?

Sivilombodsmannen viser til tidlegare uttale om kva eit møte er og om plikta til å behandle saker i møte.

Sivilombodsmannen stiller også spørsmål om kommunen meiner det ville vore heimel for å lukke møtet og kva som eventuelt var årsaka til at ei slik løysing ikkje blei vald.