Etter at Kjell Opsal (74) gav frå seg redaktørstolen til sonen Reidar må han stå opp tidlegare enn før. For Reidar har flytta morgonmøtet fram ein halv time.

– Ja, for eg skal ikkje bli pensjonist. Eg skal framleis vere journalist. Men det er ikkje eg som har ansvaret og siste ordet lenger.

Abdisert

Nyleg gjekk det ut melding om at redaktør-veteranen på Sjøholt, Kjell Opsal, hadde abdisert. Sjølvaste Mr. Bygdebladet, som har vore journalist sidan 1958 og redaktør sidan 1972.

– Eg har alltid likt å lese. Allereie frå eg var sju–åtte år skreiv eg ned alle boktitlane eg og kameratane mine las. Eg har funne igjen desse notata. Det er heilt utruleg kor mykje vi las.

Kjell vart tidleg samfunnsinteressert – oppteken av politikk og aktuelle spørsmål, medlem i AUF, son av ein bygningsmann og fiskar.

– Du kan seie at det låg i blodet at eg skulle bli journalist, seier 74-åringen.

Og det var nok best at han fekk penn som reiskap, for han vedgår at han langt ifrå er praktisk anlagt.

– Det er det Torill, kona mi, som er. Berre det skal skiftast ei lyspære, er det ho som må i aksjon, smiler han.

Mannen, som fyller 75 år 18. april, sit på stolen framføre oss på Systra Cafe. Han ser uforskamma slank og sprek ut. Nærast veltrent. Kanskje kan det skuldast at han dagleg rører på seg. Går turar på føtene eller på ski.

– Ein gong på 60-talet skulle eg skrive om eit skirenn i Vistdal i Romsdal. Då eg kom dit viste det seg at MOI mangla tredjemann på stafetten. Eg vart overtald til å ta den etappen. I dag hugsar eg ikkje kva for plass vi hamna på, men i lang tid etterpå vart eg attkjend i Vistdal som han som hadde gått stafett.

Fråhald

Det ser ut som om han framleis kunne ha gått skirenn. Det er iallfall ingen ølvom å sjå. Men så er også Kjell fråhaldsmann.

– Eg gav fråhaldsløftet i losjen som gutunge. Og ein skal halde det ein lovar, slår han fast.

Då er det bra at han ikkje vart politikar. Det var nemleg nære på:

– Det var på eit nominasjonsmøte for Arbeidarpartiet på 60-talet. Eg fekk 72 røyster, Kåre Stokkeland fekk 74 og hamna på Stortinget, medan eg vart varamann. Men eg fekk aldri høve til å vikariere på Stortinget.

– Heldigvis vart eg ikkje politikar, takk og pris. Då kunne det ha blitt eit heilt anna liv. I staden vart det avisetablering. Og samstundes kunne eg stå mykje friare då vi starta opp Bygdebladet i 1972, fordi eg ikkje var partimann. Som redaktør har eg på leiarplass slått til alle kantar, og ingen har kunne ta meg på at eg var partibunden.

Ap-mann

– Er det ikkje vanskeleg å skulle finne noko å skrive ein leiarartikkel om i kvart nummer?

– Nei, det vanskelege er å skulle la vere å ta for meg nasjonale og internasjonale spørsmål. For leiarane bør helst vere lokale.

Då han starta som journalistlærling i Romsdal Folkeblad i Molde i 1958 var det vanleg at journalistane tilhøyrde eit parti, og Kjell var Ap-mann, og ein stor tilhengar av USA og Israel. I dag er han partilaus, men framleis ein varm talsmann for dei to landa som han meiner får mykje ufortent kritikk i norske media.

USA har han besøkt fleire gonger, og vore innom 30–40 ulike delstatar. Første gong var på byrjinga at 70-talet. Etter at han slutta i Folkebladet i Molde tok han seg eit år i USA der han hadde strøjobbar, mellom anna på eit sagbruk.

Torill

Etter 12 år i Molde flytta han også heim til Sunnmøre. Med seg frå Rosenes by hadde han Torill, som han gifta seg med i 1967.

I 1972, etter ein periode i Sunnmøre Arbeideravis i Ålesund, starta paret avis på Sjøholt, i heimbygda til Kjell. Dette var nybrottsarbeid, for det var ingen avis her frå før.

– Sakte, men sikkert bygde vi opp avisa. I starten gjorde vi alt sjølv. Seinare kom det fleire tilsette til, og tilbakemeldingane frå lesarane var gode.

Takka vere hans interesse for bøker og musikk, særleg trekkspel, fekk bedrifta fleire bein å stå på, slik som Norild Forlag. Dei har gjennom åra gjeve ut mange hundre boktitlar, av dei 2–300 krimbøker. Flest bøker er omsett frå engelsk. Kjell har aldri sjølv vore freista til å skrive krim. Og ikkje har han heilt sansen for den nye krimsjangeren, heller.

– Eg likar ikkje når det blir for valdeleg og sadistisk. Då set eg meir pris på den gamle, engelske krimsjangeren. Bøkene om Poirot, til dømes, kan eg kose meg med. Men no er det nok helst historiske og dokumentariske bøker eg set meg til med. Det er også mange slike bøker vi har gitt ut på Norild Forlag.

Trekkspel

Første etasje i avishuset har både ein bokhandel, eit plateutsal og ein trekkspelbutikk. Og haugevis med trekkspelnotar. Kjell kjøpte nemleg eit noteforlag i Sverige for nokre år sidan.

– Kva er det med deg og trekkspel?

– I 1955 var dei to største, Carl Jularbo og Harry Brandelius, på norgesturné. Då gjekk turen også innom Ørskog Ungdomshus. Eg var der, og det endra livet mitt for alltid.

Hagstrøm. Han vart trekkspelfrelst. Men det var først då han fekk seg jobb og inntekt i Folkebladet, at han hadde pengar til å skrive etter eit trekkspel hos Hagstrøm i Skippergata 29 i Oslo. Ikkje lenge etter kom det eit trekkspel i posten.

– Eg kunne ikkje å spele. Men det følgde med ei lita instruksjonsbok. Notar hadde eg lært meg allereie som gutunge. Seinare tok eg timar hos Steinar Støen i Ålesund.

Kjell fortel at han spelar trekkspel kvar dag, men hevdar at han aldri vart spesielt god.

Musikken har likevel ein stor plass i hjartet hans, og slett ikkje berre trekkspelmusikk. Han set stor pris på klassisk musikk, og på jazz. Når symfoniorkesteret i Ålesund held konsert er han på plass, og vel heime igjen kan det hende han set på ei plate med jazzpianisten Oscar Peterson. Det er fløyel for øyra.

Krass

Musikken har også gjeve han mange vener i inn- og utland. Han var ein personleg ven både med Jularbo jr. og Brandelius.

– Gjennom leiarane dine har du vel også fått uvener? Du kan vere skarp.

– Nei, eg vil ikkje seie at eg har fått uvener. Men eg har fått nokre sinte telefonar opp gjennom åra, det har eg. Eg er også glad for at ikkje alle likar det eg skriv. Noko anna ville ha vore eit dårleg teikn, legg han til.

Kjell Opsal har vore med på litt av ei teknisk utvikling i sin lange karriere. Det begynte med skrivemaskin og filmrullar i redaksjonen, og lp-plater, kassettar og VHS-filmar i butikken.

I dag blir Bygdebladet produsert like digitalt som andre aviser, og trekkspelmusikken er å finne på spotify. Men aviser på internett får den røynde avismannen til å sjå raudt:

– Det er heilt utruleg at avisleiarar kan finne på noko så håplaust som å gje vekk nyheitene gratis. Det einaste vi har å selje er journalistikk, og det skal lesarane få utan å betale for det! Nei, det er nesten så eg reiser meg no, seier han opprørt.

– Det skulle ta seg ut at til dømes Dahles i Ålesund gav vekk alle kleda sine. Dei hadde sikkert fått mange besøk, men dei hadde jo ikkje levd av det. Avisene som gjev vekk stoffet sitt gratis på nettet undergrev ikkje berre si eiga bedrift, men øydelegg også for oss andre.

Men for Bygdebladet ser det ikkje så gale ut. Opplaget er nokså stabilt, dei har 10–12.000 lesarar, og annonseinntektene auka i fjor. Dei har også musikken og bøkene – og dei har to motell og kafeteria. 20–30 personar har sitt arbeid i Bygdeblad-konsernet, fleire av dei er frå familien Opsal.

Oldebarn

I alt har Kjell og Torill tre barn, tre barnebarn og eit oldebarn. Sistnemnde er ifølgje oldefaren særs musikalsk. Det vankar nok snart eit trekkspel. Læraren sit klar.

Men først må han få ein reportasje inn i datamaskinen, deadline er klokka seks.

– Det som er med meg er at eg ser saker over alt. Dreg eg på tur, om det så berre er til Ålesund, så kjem eg heim med ei sak til avisa. Skal eg på ski, så tek eg med meg blokk og penn.

Men han klagar ikkje, han føler seg tvert imot privilegert som har fått vere frisk:

– Det har vore heilt fantastisk å få drive med journalistikk. Eg har berre vore borte frå arbeid ein dag. Det var under Asia-sjuka i 1969.