– Oj oj oj. Det er jo ei grisestygg forbikøyring. Han kjem inne frå tunnelen, ut på slapset. Og det kjem bilar imot. Oj oj oj oj. Han har jo heilt utruleg flaks. Det ikkje sikker han hadde overlevd i det heile tatt, seier Erik Hartmann, distriktsleiar for Trygg Trafikk i Møre og Romsdal.

Tysdag morgon denne veka hadde Jan-Olav Torvik denne skremmande opplevinga på i Eiksundsambandet mellom Ulstein og Ørsta på Sunnmøre. På veg ut av tunnelen vart han forbikøyrt av ein bil som mista veggrepet på snøføret. Imot kom det to bilar.

Torvik har dashkamera i bilen og filma det heile.

Spesielt å sjå

Erik Hartmann i Trygg Trafikk veit at slik stygg køyring skjer av og til.

– Det ser vi jo på ulukkesstatistikken. Det er berre så spesielt å sjå slik køyring  i verkelegheita. Sjåføren feilbereknar fullstendig endringa i føret.

Skrekk og advarsel

For å varsle bilane som kom imot, blinka Jan-Olav Torvik med lyskastarane på taket.

– Hadde desse to bilane kome 10 sekund seinare, hadde det i alle fall vorte store materielle skader.

– Eg vil gjerne få folk til å forstå at dette er galskap, seier Torvik, som la ut videoen på facebook til skrekk og advarsel.

Det sykeste

Kommentarane har heller ikkje uteblitt. «Du galne tid ...!!!!» og «E so steikje gale!» står å lese i kommentarfeltet på facebook-sida hans. «Sykeste eg har sett.» «Regner med at vedkommande måtte skifte undertøy når han/ho kom på jobb.....» står det vidare.

Det blir også kommentert at det er dobbel sperrelinje der forbikøyringa skjer.

– Det er ikkje første gongen eg har blitt forbikøyrd på denne måten i Eiksundtunnelen, seier Jan-Olav Torvik. – Men det er første gong det skjer når det er snø.

Dashcam

Hartmann i Trygg Trafikk synest det er interessant å sjå at det har blitt meir vanleg å bruke dashbordkamera.

– Slik får du jo fram galskapen i stygg køyring.

Han har så langt ikkje tenkt skikkeleg igjennom dette med at enkelte bilar har installert dashcam.

– Umiddelbart ser eg fordelar med at folk dokumenterer stygg køyring. Det må jo verke disiplinerande, seier Hartmann.

Lensmannen: Heldig

Etter at bilen mistar kontrollen, ser vi at bremselysa kjem på.

Dermed er vel føraren dømt til å mislukkast.

Lensmannen Odd Kulø i Ulstein seier han ikkje planlegg å etterforske hendinga nærare.

– Han har vore heldig, seier lensmannen til Smp.no.

– Dette kunne blitt det vi på godt norsk kallar ein stjernesmell.

Dokumentasjon

Også Datatilsynet ser at nytten kan vere større enn ulempene med dashbordkamera.

– Det kan vere fin dokumentasjon for politiet dersom det skjer ei ulukke, seier kommunikasjonsdirektør Ove Skåra til Smp.no.

I dette tilfellet er det heller ikkje muleg å sjå bilnummer eller andre kjenneteikn på bilen.

– Det vi ber folk om er å vere forsiktige med å publisere opptak på internett dersom det er muleg å identifisere bilen. Det er ikkje nødvendigvis alltid pøbelen som køyrer uvettig, det kan vi alle gjere, seier Skåra.