Dette seier Bjarne Kvalsvik (59) frå Kvalsvika i Herøy til Sunnmørsposten. Han slepper dermed nyhendet – om saka som politisk interesserte sunnmøringar har lurt på ei tid.

Kvalsvik ser no i slutten på sine første fire år på fylkestinget i Møre og Romsdal.

Første året innebar ein viss dramatikk, i brotet med lista han vart vald inn for, Sunnmørslista. Det same gjeld Torleiv Rogne (73) frå Haram, som gjekk i uavhengig tospann med Kvalsvik. No blir det «Uavhengig valliste for Sunnmøre».

Lista

– Eg synest vi to har fått utretta ein god del vellukka politisk handverk no i tida etter at vi gjekk solo, seier Bjarne Kvalsvik.

Han har 20 år på seg som lokalpolitikar i Herøy kommunestyre, og seier at politikken på fylkesnivå har gitt meirsmak.

– Ja, så absolutt. Men vi måtte ha ei lovleg og god liste å bli valt inn på. Ei tid har vi sysla og sondert terrenget på kvar vår kant i så måte – no satsar vi alt.

– Tilbakemeldingane er udelt positive, frå så vel næringsliv i stor breidd, kulturliv, samferdsle og folk flest, fortel Bjarne Kvalsvik.

Førebels har han berre dei to øvste på lista klar, og jobben med å hente inn 500 underskrifter for å få ei liste godkjend har enno ikkje starta.

– Vi har ein bra stor jobb framfor oss der. Men det blir ein rein transportetappe, eg er ikkje i tvil om at vi skal få inn underskriftene – i god tid.

– Vi har fått tilsegn frå folk som vil stille på lista, nesten frå alle kommunane på Sunnmøre, opplyser Kvalsvik.

Kjepphesten

– Føler du det er stovereint no, med upolitiske lister i politikken?

– Det er eit faktum at dei politiske partia er opphengde i ulike kjepphestar og fastlåste program. Som uavhengig har du mykje meir spelerom til å kunne utøve praktisk og god politikk. At slikt politisk arbeid ikkje skulle vere stovereint går ikkje opp for meg, seier Kvalvik.

Han har ein liten kjepphest sjølv, med tanke på målet med å skipe ei ny, rein sunnmørsliste.

– Det er eit faktum at over femti prosent av befolkningsgrunnlaget for fylkestinget er på Sunnmøre. Likevel får vi ofte ei uheldig fogderimessig tredeling i politikken, som ikkje avspeglar folkegrunnlaget for fylkestinget, opplever Kvalsvik.

Han meiner ei alternativ liste frå Sunnmøre kan vere med og rette opp i styrkeforholdet mellom fogderia.

Vaktbikkja

Bjarne Kvalsvik har sjølv vore i samferdsleutvalet på fylkestinget denne perioden, medan listetoaren Torleiv Rogne sit i kultur- og oppvekstutvalet. Rogne har på si side lang fartstid frå fylkespolitikken, like mange tiår som Kvalsvik har i lokalpolitikken.

– Saman dannar vi den breidda og tyngda som skal til, smiler Bjarne Kvalsvik.

Sjølv har han markert seg som ein uredd og aktiv opposisjonspolitikar i heimkommunen Herøy. Som ei vaktbikkje i eige kommunestyre.

– Det syner seg at det har vore nødvendig. Og at det er det framleis. Ein ser kor gale det kan gå, med manglande openheit i prosessar – og dersom ein hoppar bukk over spelereglane, seier Kvalsvik.

Profilen

Dermed er han direkte over på ei av flaggsakene til den nye fylkestingslista, sjukehuspolitikk.

– Ja, vi kjem til å kjempe for eksistensen til sjukehusa både i Ålesund og Volda. Dette blir heilt nødvendig, ikkje minst sett i lys av all uvissa som er skapt etter prosessane i sjukehuspolitikken lenger nord i fylket, seier Kvalsvik.

Han seier han ser på Ålesund by som ein naturleg motor for heile regionen, og at dette må fokuserast.

– På same tid får vi ein sterk distriktsprofil. Vi skal kjempe for rassikring så vel i Geiranger, som i indre Dalsfjorden. Her er nok å ta tak i, forsikrar han.

<strong>Listetopp:</strong> Bjarne Kvalsvik frå Herøy er klar til å toppe Uavhengig valliste for Sunnmøre.