NRK Brennpunkt viste tysdag ein dokumentar der nordmenn er vorte loppa for store summar etter å ha blitt forelska over nettet. Det skjer òg på Sunnmøre, stadfestar politiet.

Svindlarane, som kjem i kontakt med velståande, norske kvinner og menn og bruker ukevis på å etablere eit nett- og telefonbasert forhold med dei, ber om hjelp til å kome ut av finansielle kriser.

Det vere seg operasjonar, reiser og andre kostbare tiltak. I mange av dei avdekka tilfella i Norge er det bankar som har teke aksjon etter at dei har registrert fleire mistenksame transaksjonar eller søknadar om auka lån.

– Vår oppgåve å hindre at folk let seg lure

I fjor registrerte Økokrim rekordmange slike tilfelle, viser dokumentaren «LoveHurts.com».

– Vi har hatt fleire tilsvarande saker på same tema i vårt distrikt, fortel kommunikasjons- og informasjonsrådgjevar Eli Anne Tvergrov i Sunnmøre politidistrikt.

Ho la tysdag ut ei melding på politidistriktet si Facebook-side der ho åtvara mot svindel via nettdating.

– Det er vår oppgåve å forsøke å hindre at folk let seg lure. Det førebyggjande er politiet sitt viktigaste anliggande, seier Tvergrov til smp.no.

Då ho såg annonseringa for dokumentaren, sjekka ho med økoteamet om det var gjeldande òg i vår region.

– Dei kunne stadfeste at dette er nasjonalt. Det finnest òg hjå oss, og vi har hatt konkrete tilfelle kor det har blitt svindla for over 100.000 kroner, seier Tvergrov.

Politioverbetjent Eivind Klokkersund ved økoteamet til Sunnmøre politidistrikt fortel at dei har hatt fleire tilfelle av slike saker, og han reknar med ein del mørketal.

– Det er i hovudsak dei fornærma som har meld frå til oss, og det er heilt klart snakk om betydelege beløp, seier Klokkersund.

Lite politiet kan gjere

Når politiet får slike henvendelsar enten frå publikum, bankar eller via Økokrim, er det vanskeleg for dei å spore gjerningsmennene.

– Dei oppheld seg ikkje i Norge, og vi har avgrensa mulegheiter til å etterforske straffbare forhold i utlandet, seier Klokkersund.

Det dei imidlertid gjer, er at dei tek kontakt med politiet i landet pengane er send til. Ofte er desse svindelaksjonane så godt planlagd at dei ikkje legg att nokre spor.

– I dei fleste tilfella vert nytta IP-adresser spora til internettkafear, og bankkontoar som har motteke pengar står i falske namn og er avslutta umiddelbart etter transaksjonen. Då er pengane tapt når dei er betalt, seier økoleiaren.

Eigne banktilsette

NRK-dokumentaren viste òg at bankar har eigne tilsette som ser over transaksjonar og plukkar ut mistenksome. Viss Per Hansen har send fleire hundre tusen til Svetlana, så er det truleg grunn til å slå alarm. Når tipset når Økokrim, grip desse inn for å avdekkje svinderforholda. Om ikkje bankane har stoppa transaksjonen før det er for seint, er pengane borte for godt.

– Dei seier at over 200 millionar kroner går ut frå Norge i ulike typar svindel per år. Vi vil redusere dette så mykje som muleg, og då må vi vere ute og førebyggje, seier Eivind Klokkersund.

Han trur eit auka fokus i media vil vere med på å gjere folk merksame på at det sjeldan er lurt å overføre pengar til personar ein ikkje veit kven er.

– Dersom noko verkar for godt til å vere sant, så er det nok det. Viss man er i tvil, skal man ikkje overføre pengar, rår Klokkersund.

Økoteamet trur mykje pengar hjå folk, aktivt nettdatingnettverk og god tilgong til nett og data er med å gjere nordmenn til skyteskive for slik svindelverksemd.

I henhald til kvitvaskingslova (ekstern lenke) skal bankane som rapporteringspliktige melde frå til Økokrim dersom dei får mistanke i samband med transaksjonar som er gjort.

– Ja, vi har system som fangar opp mistenksame overføringar i samsvar med kvitvaskingslova, stadfestar Unni Strømstad i Nordea.

Aukande problem

Banken rapporterar jamleg inn mistenksame forhold knytt til transaksjonar, og fleire av desse er knytt til nettdating.

– Avdelinga som følgjer opp mistenksame transaksjonar fortel at svindel knytt til nettdating er eit aukande problem, seier Strømstad.

Dei fører ikkje statistikk over saker som vert meld til Økokrim, så kunden i utgangspunktet ikkje har gjort noko straffbart.

– Vi varslar gjerne kunderådgjevar som kan kalle inn kunden til ein prat og forklare mistanken og situasjonen.

Om kunden har særleg vanskeleg for å innrømme at dei har vorte svindla, kan banken vise vidare til Forbrukerombudet eller Økokrim, som kan stadfeste svindelen som ein tredjepart.

– Det er på sin plass å kome med ei påminning for å få folk til å vere litt føre var, synest politiet sin informasjonssjef Eli Anne Tvergrov.

Unni Strømstad er informasjonssjef i Nordea Norge. Foto: Nordea
Eli Anne Tvergrov er kommunikasjons- og informasjonsrådgiver i Sunnmøre politidistrikt. Foto: Martin Gustafson