For knapt eit år sidan fortalde TV2 om foreldra til Are ved Stette skule- og barnehage som ønska tilpassa undervisning og større utfordringar til sonen. Sunnmørsposten følgde og saka, som slutta med at foreldra blei meldt til barnevernet. Saka blei klaga inn til kontrollutvalet i kommunen som gav foreldra full støtte.

- Vi har hjelpt over 100 familiar, landet over, og aldri har vi sett ein kommune som har brote teieplikta meir enn Skodje kommune, seier Bjørn E.P. Fredriksen, pressetalsmann i Lykkelige barn.

Foreininga jobbar aktivt for barn med sterke teoretiske evne skal trivast på skulen. Dei er sjokkert over korleis kommunen har behandla denne saka.

Tydelege brot

Fredriksen fortel at dei til vanleg ikkje går inn å kommentera enkeltsaker, men i dette tilfelle ser dei seg nøydde til å gripe inn.

- Det er tydeleg at kommunen har brote teieplikta fleire gongar. Siste eksempelet er ein Facebookstatus publisert på kommunen si side søndags kveld. Der kommenterer kommunen heilt konkret saka i det offentlege rom utan avsendar. Vidare i kommentarfeltet blir det kommentert av ein deltidstilsett i kommunen at TV2 ikkje har tatt med alle faktaopplysningane. Igjen eit teikn på at saka har vore snakka om andre plassar enn i lukka rom og dokument.

— Dette er på grensa til personforfølging, seier Fredriksen.

Hardt ut mot TV2

TV 2 får også gjennomgå i Facebookstatusen til Skodje kommune. Kommunen seier blant anna at dei vil "understreke at TV2 sitt innslag om bekymringsmelding til barnevernet inneheld fleire faktafeil, og vil vurdere å melde TV2 inn for pressens faglege utval".

- Vi kjenner oss ikkje igjen i dette, seier redaksjonssjef i TV2, Bjarte Trettenes.

- Vi er heilt trygge på at vi ikkje har faktafeil i denne saka. Meiner kommunen dette må dei påpeike desse feila. Dette er ei vanskeleg sak med stor belastning for familien og guten. Når kontrollutvalet sin konklusjon fall på at kommuneleiinga hadde tatt feil, var det likevel naturleg for oss å omtale dette i ei oppfølging av nyheitssaka vår i fjor, seier Trettenes.

På kritikken frå kommunen om at det ikkje var gitt høve til motsegn på påstandane til TV2, svarar redaksjonssjefen slik:

- Vi tok kontakt med rådmann og ordførar ein rekkje gongar. Då ingen av dei viste teikn til å ønske å svare, troppa vi til slutt opp på rådhuset.

Ikkje sett

Då Sunnmørsposten fekk kontakt med ordføraren i Skodje kommune, kjenner han ikkje til statusen på den sosiale nettverkssida.

- Eg har ikkje sett denne Facebook-statusen, eller veit kven avsendaren er. Eg har derfor ikkje noko kommentar til påstandane til Lykkelige barn eller statusen, seier ordførar Terje Vadset.

I skrivande stund er har statusen 64 kommentarar og 29 delingar.