Styreleiar i Sunnmøre regionråd, Anders Riise, er forundra over at fylkesordføraren vil kjempe for at politimeisteren i Møre og Romsdal skal verte stasjonert i Kristiansund.

At saka denne veka vart lagd fram direkte i fylkesutvalet utan at det vart høve til debatt i forkant gjer ikkje prosessen betre, meiner Riise. Medlem av fylkesutvalet Eva Vinje Aurdal (Ap) kalla i går framlegginga i fylkesutvalet for eit kuppforsøk.

Fogderistrid

– Eg meiner at Politidirektoratet må avgjere denne saka ut frå politifaglege argument. Vi kan prise oss lukkeleg for at vi nettopp fekk behalde Møre og Romsdal som eit politidistrikt og at ein etter dette må gjere det beste for å samle fylket i eitt politidistrikt, seier Riise i ei pressemelding.

Anders Riise ser det som uheldig at fylkeskommunen skal bidra til å skape vinnarar og taparar i saka, og at dette kan trekkje Sunnmøre ytterlegare inn i fogderistriden som pregar fylket.

– At sjukehussaka gjer at Kristiansund vil få færre statlege arbeidsplassar kan ikkje bety at ein skal fråvike fagleg argumentasjon i andre saker, meiner Riise.

I sjukehusplasseringa stilte Møre og  Romsdal fylkeskommune seg nøytral til plasseringa, og det ville vere klokt å gjere det i saka om politimeisterplassering også, meiner leiaren av Sunnmøre regionråd.

Nordmøre Næringsråd har tidlegare skrive brev til justisministeren der dei ber om eit møte med ministeren.