Samferdselspolitikar Frank Sve (Frp) fekk kaffien i vrangstrupen då han las saka i Sunnmørsposten onsdag, om at ein innan 2022 skal kunne suse til byen i 80 kilometer i timen, gjennom mellom anna den nye vegen som skal byggjast frå Breivika til Lerstad.

Les også: Suser til byen om sju år

Hjelper lite

– Gang- og sykkelvegar hjelper lite for å ta unna den store trafikken som kjem inn mot Blindheim- og Moa-området. På Hareid-Sulesund opplever vi ein veldig trafikkvekst. Kanskje er dette om få år det største ferjesambandet i heile fylket. Denne trafikken er vi nøydd til å leggje til rette for, seier Frank Sve.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Han trur ikkje det vert så beinkløyvd å få vedteke bypakkar i dei tre byane som mange trur, og meiner det rår ei naiv oppfatning om kor lett dette skal verte.

Absolutt krav

Han minner om at når det gjeld bompengar, set Stortinget lokal tilslutning som eit absolutt krav for å gje grønt lys.

Frank Sve minner også om at nabokommunane til Ålesund er imot bomstasjonar på riks- og fylkesvegar rundt Ålesund.

Grunnen er at det legg hindringar i vegen for dei som mellom anna skal til flyplassen eller vidare austover.

Må prioritere

Han minner også om at berre ny veg frå Breivika til Lerstad og ny innfartsveg til bysentrum er inne i dagens Nasjonal Transportplan (NTP), som skal rullerast i 2017.

– Eg ser det slik at vi vert nøydde til å prioritere. Vi kan ikkje få alt. I mine auge er det viktig at vi prioriterer den vegutbygging som må til for at næringslivet skal kunne fungere, seier Frank Sve.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Han ramsar opp E136 frå Ålesund til fylkesgrensa i Oppland - inkludert krabbefelt over Ørskogfjellet og vidare både Møreaksen og Hafast, som begge vert ein del av ferjefri E39.

Tunnel under Brosundet

Frank Sve trur at ein stor del av dei trafikkproblema som Ålesund strir med, kunne ha vore løyst med bygging av ein tunnel under Brosundet.

– Men eit slikt prosjekt går Statens vegvesen imot. Forstå det den som kan. Eg trur likevel at denne tunnelen tvingar seg fram, seier han.

Moa veks

Frank Sve viser til omfattande planar om etableringar i Moa-området, blant anna Ikea og Olav Thon som vil etablere seg og byggje ut i dette området.

Eit anna område der det vert stor vekst, er Digerneset i Skodje.

– Gjer vi ikkje noko med vegsystemet inn mot Moa, vil heile området kollapse, seier Frank Sve som meiner det er å halde innbyggjarane for narr når det vert framstilt slik at ein bypakke er like om hjørnet.

Frank Sve (Frp). Foto: Arkiv