Nærare 3,5 millionar kroner er nemleg på veg frå Norsk Tipping på Hamar.

– Det har nesten ikkje gått heilt opp for meg enno, seier 60-åringen på Sjøholt, som til dagleg er lærar ved restaurant- og matfag på Borgund vidaregåande skule i Ålesund.

Onsdag gjekk Gerhard heilt til topps i Joker-trekninga som vart vist på tv.

– Eg har levert inn ein kupong no og då, og alltid håpt på den store gevinsten. No kom den, seier Gerhard og ler.

– Er det noko du har lyst til å bruke noko av pengane til?

– Eg er interessert i jakt og friluftsliv, og har lenge drøymt om å ta ein jakttur til Canada og Alaska. Det kan det jo kanskje bli noko av no.

Gjer som fleire enn 21.500 andre - lik smp.no på Facebook