16. mars kan alle bade i det nye Sunnmørsbadet i Herøy. 3. mars blir det ein enkel seremoni for eigarar og dei som har vore med i byggeprosessen. Nokre dagar før 16. mars er alle skuleelevane i Herøy invitert til gratis badedag.

– Ja, endeleg blir det opning. Det er riktig at det har vore utsetjingar, men no er datoen endeleg klar, seier styreleiar Bjørn Martin Aasen til smp.no.

I Sunnmørsbadet blir det eit stort konkurransebasseng, fire/fem badeflater, bølgje- og terapibasseng og ein ganske stor plaskedam for dei små.

– I tillegg blir det eit boblebad, fortel Aasen, som meiner at tidlegare konflikter og spenningar no er historie.

Ifølgje Aasen har det vore problematisk å få kontroll og oversikt over kostnadene. Det andre problemet har vore å få på plass ei solid finansiering.

– Eg er heilt overbevist om at vi har kontroll no. I løpet av eitt til tre år har Sunnmørsbadet ei lånegjeld som er muleg å handtere. Vi har søkt om tippemidlar og starta arbeid med sponsor- og reklameinntekter. Det tredje er at vi kjem til å søke om meir såkalla RDA-pengar som er tilskot som kommunane får som kompensasjon for arbeidsgjevaravgift, seier styreleiaren.

Allereie før badet er opna er symjekurs fullteikna, og ei rekke bedrifter i Herøy har skaffa seg årskort.