- Når vi no er så tungt inne, må vi sikre at vi har mulegheit til å føre kontroll, sa Kvalsvik i Herøy kommunestyre torsdag kveld

For at dette skal vere muleg, må Sunnmørsbadet endre sine vedtekter i generalforsamling. Kommunestyret gjekk samrøystes inn for å be Sunnmørsbadet gjere ei slik vedtektsendring, slik at kontrollkomiten kan få mulegheit til innsyn om dei ønskjer det.

Utvida lånegaranti med nye 20 millionar kroner vart også vedtatt samrøystes.

Les også: To vara var med på å auke lånegjelda

Då Sunnmørsbadet vart lansert, spådde Kvalsvik at kostnadene vil ende på 260-270 millionar kroner med moms.

- I dag ser eg at eg fekk omtrent rett. Likevel er det ei veldig trist sak, når eit byggjeprosjekt kjem så totalt ut av styring som dette, sa Kvalsvik i kommunestyret.

Kvalsvik meinte også at det har vore fleire politiske saker der han meiner han har fått rett i ettertid.

- Vi er samtidig nøydde å hjelpe til og utvide lånegarantien, slik at vi kan glede oss over Sunnmørsbadet, sa Kvalsvik.

Drifta

Kjell Runde (Folkelista/Sp) trur det kjem fleire rekningar, og trur drifta vil gå med underskot.

- Dei fleste badeland driv med underskot. Eg tvilar sterkt på å om Sunnmørsbadet greier å drive med overskot i mange år, sjølv om mange er nyfikne i starten.

Fleire andre ga uttrykk for at dei er meir optimistiske med tanke på drifta av Sunnmørsbadet.

Ole Brubakk (KrF): Alle er spent på kor drifta går. Vi må vere optimistar. Det er eit flott anlegg. Det skulle vel dra til seg brukarar frå eit ganske stort område. I dag må vi få dette prosjektet i hamn.

Henry Jøsokbakke (V): Eg var i generalforsamlinga tysdag. Dei er nøkterne og realistiske.

Richard Gjerde (H): Vi må gje styret arbeidsro.

La fram prognose

Ein budsjettprognose for 2016 vart lagt fram i kommunestyret torsdag. Prognosen er ikkje lenger unntatt offentlegheit, etter at forhandlingane med treningssenteret som skal leige lokale hos Sunnmørsbadet no er i hamn.

Prognosen viser eit driftsoverskot på 1,2 millionar kroner før finanskostnader. Etter finanskostnader viser prognosen negativt årsresultat på minus 240.000 kroner.