Sogn og Fjordane politidistrikt melder at ein mann i 30-åra er pågripen mistenkt for innbrot i eit hus på Eid.

- Han vart tatt på fersk gjerning og må sitte i arrest til i morgon, opplyser politiet.

Ifølgje operasjonsleiar Wenche Hope var politiet på staden i eit anna ærend.

- Hendinga var udramatisk, seier Hope til smp.no.

Politiet har loggført innbrotet til klokka 21.26.