Seint fredag ettermiddag brann det framleis i lagerhallen ved avfallsanlegget på Jarnes.

– Dette kan truleg ta mange timar, og iallfall brenne langt utover kvelden, seier vakthavande operatør ved 110-sentralen for Møre og Romsdal.

Det er ikkje lengre opne flammar, og brannvesenet har kontroll på staden. Likevel må dei rekne med å jobbe utover kvelden med å dynke på med vatn.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Vinden har vore skiftande, men var i ettermiddag stort sett stått på brannfolka sin side. Det gjorde at det ikkje var naudsynt med nye åtvaringar til bebuarar i området.

Starta i natt

Fredag føremiddag opplyste 110-sentralen at det både var  brann og mykje røyk, etter at det tok til å brenne natta i førvegen.

- Dei forsøker å sløkke. Når det tar tid, er det fordi det er mykje energi. I tillegg skiftar vinden veldig, sa han.

Både mannskap frå Sykkylven brannvesen og røykdykkarar frå Ekornes vart sendt til staden då brannen vart meldt.

Etterforsking over helga

Operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt opplyste ved 09-tida at folk i området ikkje lenger trengde å halde vindauga lukka.

Ein kan førebels ikkje seie noko om kva skadar lagerhallen har fått, og heller ikkje noko om årsaka til brannen.

- Vi skal i gang med etterforsking på brannstaden. Dette skjer truleg ikkje før over helga, fortalde lensmann i Sykkylven, Evelyn Liseth.

Ba folk lukke vindauga

Det var klokka 02.30 at Møre og Romsdal 110-sentral melde om brann ved avfallsanlegget.

- Det brenn i det same avfallsmottaket som det var brann i onsdag, opplyste Møre og Romsdal 110-sentral til smp.no.

- Brann og politi på staden - Det er opplyst om ein del røyk - folk bør lukke vindauga, melde politiet på Twitter klokka 03.30.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Brannvesenet opplyste at det var sjølve lagerhallen som brann.

- All røyk er giftig. Sidan ein ikkje veit kva som er inne i anlegget har vi bede folk i nabolaget halde vindauga lukka, sa operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

Flammar

Fotograf Robert Kvam, som var på staden, fortalde at det blåste vestleg bris i området.

– Det var synleg opne flammar på god avstand , sa eit vitne i området til smp.no klokka 04.40.

Klokka 05 melde politiet at brannvesenet hadde kontroll på brannen.

- Det brenn framleis i lagerbygninga. Ein ser flammane frå andre sida av fjorden, sa eit vitne til smp.no klokka 06.

Det er berre to dagar sidan det brann i avfallsanlegget.

Saka oppdaterast