Voldingen er nemleg ein av vinnarane i ein fotokonkurranse Norsk Tipping hadde på Instagram i haust.

- Ved å tagge bilde med #flaxforlivet var ein med i trekninga. Eg tagga - og fekk først melding om at eg var med i finalerunda, og seinare at eg var mellom vinnarane, fortel Sunde sjølv.

- Premien er å få kome på Flax-lodda, og i tillegg litt reklameartiklar som til dømes ein reiseladar til mobilen, ein sekk og ei lue, legg han til.

- Er dette noko du har drøymt om lenge. Å kome på skrapelodd, og at andre kan skrape deg vekk?

- Hehehe, nei. Men det er no litt stas likevel, seier Sunde og fortel at han måtte hente inn godkjenning frå resten av kompisgjengen til at Norsk Tipping kunne bruke bildet, som vart tatt under ein tur på Store Smørskredtind i Ørsta i september i fjor.

- Tar du mykje bilde?

- Ja, men eg er ikke av dei som har investert i det argaste av fotoutstyr. Faktisk går det mykje i mobilfoto. Men eg tar alltid bilde frå turar. Mange bilde. Og eg er ofte på tur, seier Sunde.

- Kor tid dukkar lodda opp i ein butikk nær oss?

- Sjølv har eg alt fått nokre prøvelodd - som de no altså får vise fram. Elles er meldinga eg har fått at lodda skal vere i sal frå mars av. Det er ikkje veldig lenge til.