– Vi jobbar her framleis. Det er om lag halvanna døgn sidan brannen starta. Det er klart at vi nærmar oss for kvar time som går, men det er ikkje heilt sløkt, seier brannsjef Oddmund Grebstad i Sykkylven.

Onsdag føremiddag tok det fyr for første gong i avfallsanlegget til Miljøkvalitet AS. Natt til fredag starta det å brenne i same område på nytt. Grebstad seier det er umuleg å spekulere i om det er brannen onsdag som har blussa opp igjen.

Ikkje vindproblem

– Vêr og vind er veldig stabilt og greitt. Vindretninga er gunstig med tanke på busetnad og den står vekk frå området, seier brannsjefen.

Problemet er at det er så mykje volum med avfall at det er vanskeleg å få tak i brannen.

– Det er snakk om så store mengder som ligg opplasta i laus form, så det er ikkje berre å bruke vatn på. Haugane har ei djupne på om lag fem-seks meter. No har vi slått ned brannen så mykje at vi kan bruke maskin for å få massen ut av bygget, seier Grebstad.

Lagra for mykje avfall

Fylkesmannen kom 19. desember med ein krass rapport til Miljøkvalitet AS. Der kom det fram at selskapet hadde lagra for mykje avfall på området, at avfallet var lagra for lenge, at mengda som kom inn var større enn kapasiteten med tanke på forsvarleg handtering, og at avfallet var skjemmande. Selskapet hadde heller ikkje skikkeleg rapportering på plass.

Det blei vurdert å stoppe mottaket, men Fylkesmannen slo det frå seg då Miljøkvalitet viste vilje til å rydde opp. Ifølgje fagansvarleg Anne Melbø var det for mykje avfall på anlegget då brannen starta.

– Saka er uheldig, trist og veldig synd, sa ho til smp.no i går.

Les også: Lagra for mykje avfall uforvarleg

Får hjelp

Leiinga ved Miljøkvalitet AS meinte at alt var i orden då brannane onsdag og fredag starta.

Ifølgje brannsjef Oddmund Grebstad i Sykkylven får brannvesenet god bistand frå Ekornes sitt bedriftsbrannvesen. Det bytast vaktlag jamleg for å ha friskt personell på plass.

– Dette er ikkje ein brann du får sløkt på veldig kort tid. Det viste også brannen på Bingsa i Ålesund, seier Grebstad.

KL. 14. Foto: SMP-TIPSAR