Ei kvinne som var gravid i cirka 7. månad kom nyleg til eit akuttmottak i Helse Møre og Romsdal på grunn av sterke magesmertar og blei vurdert av vakthavande kirurg.

- Etter kvart kjem det fram at kvinna var usikker på om ho har kjend liv frå barnet den siste tida. Gynekolog blir kontakta, men vil ikkje sjå til kvinna i mottak, men vil ha oppfølging seinare av pasienten ved gynekologisk poliklinikk, skriv helseforetaket i ein rapport.

Det vart presisert at dette ikkje er i samsvar med gjeldande rutinar.

- Kvinna får då tilsyn og det går fint med barnet.

I etterkant av hendinga blir det presisert at einkvar lege som tilkallast må kome til mottak snarast mogleg når det er medisinsk naudsynt.

Kvalitets og pasientsikkerheitsutvalet (KPU) gjev si tilslutning til avdelinga si behandling av hendinga.

- Det er viktig at vedkommande gynekolog har tatt læring av saka og at rutinane er presisert og gjennomgått.