Ingen ferje utan garanti

Det var ikkje råd å få på plass ein økonomisk garanti. Difor blir det ikkje turistferje mellom Valldal og Geiranger i sommar.

VALLDAL: Bilferja «Tustna» fotografert ved kai i Valldal, medan Fjord1 framleis trafikkerte strekninga Valldal-Geiranger om sommaren. ARKIVFOTO

Nyheter

– Vi har vore i kontakt med fleire som kunne vere interesserte i drive denne ruta etter at Fjord1 ikkje ville meir. Men dei måtte alle ha ein garanti, og det har ikkje vi ikkje klart å skaffe, seier Terje Linge.

Han er nestleiar i Valldal Kailag, som i vinter har arbeidd med å få på plass ei turistferje.

Les også: Turistferje utan kapital

Ferjelaget «Skånevik» var mellom dei som hadde både ferje og mannskap:

– Men vi måtte ha ein garanti på ein million kroner, og det var det ikkje råd å få på plass, så no skal ferja i staden gå på Sognefjorden i sommar, seier styreleiar Øyvind Særsten.

Terje Linge i Valldal legg til at ein no vil prøve å få ei ferje på fjorden neste sommar.