Riksveg 15 over Strynefjellet har ikkje fått den tungtrafikkveksten som var venta etter opning av Eiksundsambandet og Kvivsvegen. Forklaringa er dårleg veg og smale tunnelar. Men bildet er meir samansett, meiner Skodje-ordførar Terje Vadset.

- Strynefjellet er ei viktig samferdsleåre, og eg har ikkje problem med at det blir satsa vidare på vegen, men Strynefjellet har uansett begrensa vekstmulegheit, meiner Vadset.

Les også: Vel bort StrynefjelletLes også: Samla for Strynefjellet

Romsdalen naturleg

Skodje-ordføraren har sjølv lang erfaring i transportbransjen, blant anna frå leiarjobb i Tollpost Globe i 14 år før han blei ordførar.

Vadset meiner det er naturleg at dei store transportørane kjem inn til Sunnmøre via Romsdalen. Det er nemleg i Ålesund-området dei store hovudterminalane er. Herifrå køyrer dei ut bilar heilt sør til Bremanger.

- Det handlar om noko vi kallar retningsbalanse. Det vil seie at ein må ha last i bilen begge vegar, og då må ein samle mest muleg, forklarer Vadset og legg til at det handlar om logistikk.

Når sjåførane kjem til basen i Ålesund-området, har dei gjerne brukt opp køyre- og kviletida. Ein ny sjåfør tek over og køyrer ut i distriktet med varene. Tilbake på basen tek den andre sjåføren over igjen og køyrer tilbake mot Austlandet.

Mindre fisk frå Måløy

Vadset registrerer at mykje har endra seg sidan heilårsvegen over Strynefjellet opna. Det er slutt på den store mengda av fisketrailarar frå Måløy-området over Strynefjellet. Ifølgje Vadset er det slutt på ferskfisken frå Måløy, og den frosne fisken går med båt.

Men når det gjeld å få meir fisk over på kjøl, meiner Vadset at det er noko ein berre kan drøyme om for fersk fisk.

- Berre ein tredjedel av fisken er selt når han blir lasta på bil. Resten blir selt undervegs og slik må det vere, seier Vadseth som meiner at dette hadde blitt umuleg å få til om den ferske fisken blei frakta til sjøs.

Skade på bilane

Svein Sunde i Gode Vegar AS kjempar for ny tunnel frå Skåre til Breidalen. Ein viktig del av prosjektet er også ein arm til Geiranger. Og Sunde meiner dei som reiser til og frå søre Sunnmøre i framtida vil velje Strynefjellet, sidan dette er einaste ferjefrie alternativ.

- Hadde riksveg 15 hatt tunnelar som oppfylte krava til standard, hadde det vore meir trafikk der, meiner Sunde.

Han sit på informasjon om at fleire transportørar no vel vekk Strynefjellet på grunn av frykt for skade på køyretøy. Selskap med ukjende sjåførar er blitt påført store kostnader på grunn av skader på skapa på bilane. Det blir fort over 100.000 kroner for ein skade.

- Det er også ein del sjåførar som synest det er ubehageleg å køyer i dei smale tunnelane. Dei opplever ofte full stans. Dei står bom fast og kjem ikkje forbi kvarandre i tunnelen, seier Sunde.

Trafikken auka totalt sett

Sunde stadfestar at det har vore ein nedgang i tungtrafikken på Strynefjellet etter at Kvivsvegen opna, men totaltrafikken har gått opp.

I gjennomsnitt køyrde 807 bilar over Strynefjellet kvar dag i 2012. Kvivsvegen opna i september dette året. Av den totale trafikken var 212 store bilar. Det vil seie 26,3 prosent.

I 2013 hadde trafikken auka til 878 bilar i døgnet. 228 var tungtrafikk. Sjølv om det var fleire store bilar, gjekk tungbiltrafikken prosentvis ned, til 26 prosent, på grunn av at totaltrafikken auka.

I fjor såg ein tydeleg at fleire tungbilar begynte å velje vekk Strynefjellet: Av totalt 887 bilar i døgnet var 209 tungtrafikk. Dette utgjorde 23,6 prosent av totaltrafikken.

Strynefjellet har hatt prosentvis nedgang i tungbiltrafikken, trass i opning av Kvivsvegen. Dårleg standard på tunnelane er truleg ei av årsakene. Foto: Anne-Mari Tomasgard