Ein delegasjon frå Sunnmøre møtte måndag statssekretær Bård Hoksrud i Oslo for å leggje fram sin frustrasjon over forholda på Hareid-Sulesund-sambandet. Med seg på turen til Oslo hadde Riise, fylkespolitikar Frank Sve (FrP), Rakel Dyrhaug frå Hareid næringsforum og Kjell Sandli frå næringsforeininga i Ålesund.

Les også: Sjikanen må ta sluttLes også: Halvfull ferje køyrde frå ambulanse

Dei fekk ingen lovnader om deira høgste ønskje: Å flytte  ferjestrekninga frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine hender, og inn på det statlege budsjettet.

Størst mellom fylkessambanda

– Men regjeringa har starta eit arbeid for å sjå på konsekvensane av den reforma som vart gjennomført i 2010 med å overføre vegar frå staten til fylket, fortel Hareid-ordførar Anders Riise.

Fylkeskommunen slit mellom anna med store etterslep på vegvedlikehald, og mange har teke til orde for at fylket bør få meir pengar frå staten til å ta vare på vegane.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Med i diskusjonen er også samband som Aursnes-Magerholm mellom Sykkylven og Ålesund, samt Sølsnes- Åfarnes i Romsdal, ifølgje Riise. Riksveg-sambandet mellom Molde og Vestnes, er størst i fylket. Men nye tal for Hareid-Sulesund, viser at sambandet no er størst i landet mellom dei på fylkeskommune hender.

Fleire attståande bilar

Ei kraftig auke i attståande bilar på Hareid-Sulesund, gjorde spesielt inntrykk på statssekretæren i samferdseldepartementet, seier Riise.

– Dei ser at det har vore ei uheldig utvikling, og dei siste tala viser det stod att 1977 bilar i januar. Vi risikerer at talet for heile året endar opp i kring 30.000 attståande bilar, påpeiker høgre-ordføraren.

Det er ei auke på to og ein halv gong talet frå i fjor - på knappe 12.000 bilar.

Les også: – Fylkesferjene blir nedprioritert av statenLes også: Vil gjøre Hareid-Sulesund til riksvegsamband

Om spådomen til Hareid-ordføraren slår til, vil ferjebrukarane på strekninga, vente om lag 15.000 timar på ferja, fordi dei ikkje kom med turen dei eigentleg hadde tenkt.

Direkte million-tap

Om halvparten av denne ventetida gjeld jobb-reiser med lønnsutgifter på 500 kroner timer, gir det eit direkte tap på kring 3,7 millionar kroner for næringslivet årleg.

– Men det er langt frå heile bilde, fordi det også skapar følgjekonsekvensar. Ein transportør har nokon som står og ventar på varen, medan ein annen kanskje ikkje rekk flyet som planlagd, argumenterar Riise.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Nokre få dagar skriv seg frå då MF Ullensvang måtte på verkstad, og MF Høgsfjord overtok B-ruta med store forseinkingar som resultat. Men mesteparten av verkstad-perioden til den omstridde Ullensvang-ferja, var i februar og vil gjere utslag der.

– Må jobbe knallhardt

Sjølv om dei ikkje fekk konkrete lovnader, meiner Riise det var eit konstruktivt møte, og Hoksrud noterte flittig.

– Vi må no jobbe knallhardt politisk for å få meir pengar til 2016-budsjettet til fylket, slik at dei er i stand til å kjøpe dei teneste som trengs. Så vil vi jobbe like hardt for at dette skal verte eit riksvegsamband frå 2018, sier Riise.

At regjeringa har gått inn for at framtidig E39 skal gå over Hareidlandet via Hafast, er naturleg nok ein del av argumentasjonen.

Frank Sve (t.v.) møtte statssekretær Bård Hoksrud (nr. 2 f.v.) saman med Kjell Sandli (midten), Rakel Dyrhaug og Anders Riise (t.h.). Foto: Privat