I dag vart lesartala og opplagstala for norske aviser i 2014 offentleggjort. Tala viser at den gjennomgåande trenden er ei lesarflukt frå papir til nett og mobil.

Her kan du lese den redaksjonelle årsrapporten for mediehuset Sunnmørsposten

Sunnmørsposten, som hadde eit årsnitt med daglege lesarar på 81.000 på papir og 57.000 på nett i 2013, har gått ned til 73.000 papirlesarar og opp til 58.000 lesarar av nettavisa i fjor. Av dei som les Sunnmørsposten på mobil er det no 31.000.

Opplagstalet på avisa har gått frå 27.460 til 25.722.

  • Kva bør Sunnmørsposten skrive meir om? Bruk kommentarfeltet under!

Satsar på abonnentar

Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, seier at ho ikkje er fornøgd med at lesartalet har gått tilbake. Men ho meiner avisa har gjort ein god jobb med å omstille seg dei endringane mediebransjen er inne i, og at det viktigaste er at folk les Sunnmørsposten uavhengig av korleis dei vel å gjere det.

- Dette er grunnen til dei endringane vi gjorde i fjor, der vi gjorde eavisa tilgjengeleg for alle abonnentar slik at dei no kan velgje om dei vil lese avisa på nett eller papir. Vi innførte også plussløysinga, som gjer at abonnentane får tilgong på alle sakene vi lager.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Korleis balanserer ein mellom å ha eit godt gratistilbod og å ha ei god abonnementsløysing?

– Vi ønsker at folk skal få beskjed når noko skjer, derfor skal hendingsnyheiter vere gratis. Samtidig er vi avhengige av å utmerke oss og lage viktig og nyskapande journalistikk som folk er villige til å betale for.

Viktig endringstid

Berg meiner det å ha ei sterk regionavis er ekstra viktig no, fordi samfunnet står ovanfor store endringar.

– Vi er inne i ein periode med mange reformar, til dømes kommunereform og høgskulereform. Vi håpar å styrke posisjonen til Sunnmørsposten, og vere ei sterk stemme for regionen i denne tida.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Også endringane i mediebransjen håpar ho avisa vil kome styrka ut av.

– Det er ein forretningsmodell i endring. Digitale inntekter stig ikkje like fort som lesarane flyttar seg. Men eg er optimistisk, avsluttar ho.

Her kan du lese den redaksjonelle årsrapporten for mediehuset Sunnmørsposten

Kva bør Sunnmørsposten skrive meir om? Bruk kommentarfeltet!