– I dag er vi i Ørsta, og så tok vi Ålesundområdet i går, fortel Leif Jarle Bergseth i Statens vegvesen Møre og Romsdal til smp.no.

Vegvesenet er ute på kontroll som ein del av ein landsdekkande kampanje for å få folk til å bruke belte når dei tar buss.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Berre ein av tre brukar belte

I følgje ei fersk spørjeundersøking er det kun 36 prosent som bruker belte når dei tar buss, medan det er 97 prosent som oppgir at dei brukar belte i bil.

– Det er ganske skuffande beltebruk, seier Bergseth om kontrollane på Sunnmøre.

Men etter at dei har vore i bussen og informert passasjerane, sit dei fleste med beltet godt festa.

Risikerer 1500 kroner i gebyr

– Vi er i første omgang ute etter å informere. Men det blir oppfølgingskontroll neste veke, og då er det bøtelegging for dei som ikkje har beltet på, seier han.

Gebyren for manglande beltebruk vil vere på 1500 kroner.

Les meir forbrukarstoff på smp.no

I 2013 vart tre drept, åtte hardt skadd og 45 personar lettare skadd i bussulykker. Ein gjennomgang Statens Havarikommisjon for Transport har gjort av beltebruk i bussulykker dei seinare åra har vist at dei fleste som mistar livet eller vart hardt skadd, ikkje brukte belte.

Fare for medpassasjerar

Vegvesenet legg også vekt på at det er farleg for andre i bussen dersom det skjer ei ulykke og ein ikkje brukar belte.

– Det vi ofte ser i ulykker er at passasjerane blir kasta rundt i elelr ut av bussen. På denne måten kan passasjerane gjere stor skade på både seg sjølv om kvarandre. Du brukar også belte for å ta vare på dei du reisar saman med, seier Bård Aune i Statens vegvesen i ei pressemelding.

INFO: Vegvesenet informerer om viktigheita av beltebruk i buss. Foto: Statens vegvesen M&R på Twitter