Nominasjonskomiteane for kyrkjevalet i Møre og Romsdal har klargjort kandidatlistene sine. I september skal ni representantar veljast til nytt bispedømeråd/Kyrkjemøte.

I ei pressemelding skriv Møre bispedømme at nominasjonskomiteane ikkje har lukkast med å finne kandidatar under 30 år. Dei har lagt vekt på kandidatane sitt syn på aktuelle kyrkjelege spørsmål, noko som i følgje dei inneber at kandidatane på lista representerer ulike syn.

Burde vere minst 20 prosent under 30

I kandidatlista finn vi mellom andre Ragna Dahl Grønnevet, som er pensjonist og tidlegare rådmann i Ålesund kommune. Den yngste kandidatenpå lista er 33 år gamle Ragnhild Lakang Nordmark Due, som er sokneprest i Nesset. Sjå heile lista nedst i saka.

Åpen folkekirke i Møre, som stiller med ei alternativ liste til kyrkjevalet, reagerer kraftig på at nominasjonskomiteen ikkje fyller dei formelle krava til aldersrepresentasjon, som seier at minst 20 prosent av kandidatane på lista skal vere under 30 år. På bispedømmet si liste er nemleg ingen av kandidatane under 30.

— Dette er ikkje eit frivillig kriterium som nominasjonskomiteen kan velje å følgje eller ikkje følgje. Skal vi ha relevant folkekyrkje, så treng vi menneske i alle aldrar, skriv dei i ei pressemelding.

Har gjort ein innsats

Leiar i valrådet i Møre bispedømme, Rolf Myhre, bekreftar at det stemmer at nominasjonskomiteen ikkje har greid å fylle dei formelle krava.

— Men dei har gjort ein iherdig innsats og prøvd å få tak i kandidatar under 30 år, seier han.

— Vi tar til etteretning at nominasjonskomiteen ikkje har greid oppgåva si fullt og heilt til tross for iherdige forsøk, legg han til.

Åpen folkekirke arbeider no med å ferdigstille si eiga liste til kyrkjevalet. Grunnen til dette er at dei meiner det må finnast tydelege alternativ.

— Åpen folkekirke ønsker ei brei og open folkekyrkje. Vi kjem derfor til å stille med ei liste med kandidatar med breidt aldersspenn, med geografisk breidde og med ulik bakgrunn, seier dei.

Den fullstendige kandidatlista er:

Leke

  • Ann Kristin Sørvik ( 57) - ordførar, Bremsnes sokn

  • Ragna Dahl Grønnevet (67) - pensjonist, Ålesund sokn

  • Frode Rabbevåg (55) - dagleg leiar, Molde sokn

  • Geir Grav (59) - rektor, Hen sokn

  • Ole Martid Grevstad (45) - personalsjef, Ulstein sokn

  • Berit Moan Møkkelgård (39) - sjukepleiar, Rindal sokn

  • Solveig Linge Stakkestad (70) - pensjonist, Norddal sokn

  • Svein Hartvig Pettersson (48) - rådgjevar, Molde sokn

  • Rikke Grevstad Kopperstad (54) - lærar, Herøy sokn

  • Eldar Husøy (64) - lærar, Ulstein sokn

  • Olav Terje Flataker (62) - dagleg leiar, Bolsøy sokn

  • Christina Duwe (51) - overlege, Spjelkavik sokn

  • Hans Gunnar Møller (36) - electronic technician, Spjelkavik sokn

  • Synnøve Stenvågnes Bersås (66) - pensjonist, Kors sokn

  • Ivar Husby (69) - pensjonist/næringsdriande, Aure sokn

  • Laila Elnes Bielachowicz (55) - lærar, Sekken sokn

  • Jon Bovim (67) - pensjonist, Brattvåg sokn

  • Ann Margtritt Harstad (59) - lærar, Øre sokn

Prestar

  • Ragnhild Lakand Nordmark Due (33) - sokneprest, Nesset sokn

  • Sindre Stabell Kulø (35) - sokneprest, Bud sokn

  • Per Eilert Orten (60) - sokneprest, Aure sokn

  • Lars-Ove Skaret (54) - sokneprest, Nordlandet sokn

  • Kari Vatne (52) - sokneprest, Stordal sokn

Kyrkjelege tilsette

  • Robert Coates (60) - kantor, Sandøy sokn

  • Mildrid Fiske (58) - kyrkjeverje, Kristiansund sokn

  • Aud Toril Gagnat (52) - kyrkjeverje, Gjemnes sokn

  • Svein-Rune Johannessen (54) - kyrkjeverje, Ålesund sokn

  • Olav Rønneberg (56) - kateket, Ørskog sokn